Den siste veka har bladsal på kyrkjetrappa i Ulstein skapt stor debatt i lokalsamfunnet etter at Vikebladet omtala saka.

Følg smp.no på Facebook

Kyrkjegjengarar har nytta ord som «skammeleg» og «upassande» i spaltene til lokalavisa etter at ei kvinne tilbaud utgåver av bladet «Folk er Folk» medan folk var på veg ut og inn av kyrkja.

– Vil ikkje vise vekk nokon

Onsdag var saka tema på stabsmøtet ved kyrkjekontoret i Ulstein. Kyrkjeverje Anders Myrene er klar på at ingen vil bli vist vekk frå kyrkja sitt område.

– Vi ønskjer ikkje å vise vekk folk, vi vil fyrst og fremst at folk skal føle seg velkomne i kyrkja. Dette handlar om folk som er i ulike livssituasjonar. Denne saka minte oss på det at vi er ein del av verda og at det ikkje er alle som har det like bra, seier Myrene til smp.no.

Vikebladet har óg omtala eit tilfelle der ein bladseljar har forsøkte å selje til eit gravfølje då dei sørgjande var på veg ut av kyrkja. Slike situasjonar meiner kyrkjeverja bør unngåast.

– Når ein kjem ut frå kyrkja i samband med ei gravferd på veg til grava, så er menneska i ein sårbar situasjon, legg prest Kristian Myklebust til.

Samstundes påpeiker kyrkjeverja at andre kyrkjegjengarar inviterte bladeseljaren inn både til gudstenesta og kyrkjekaffi sist søndag.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Vil be om retningslinjer

Debatten har vore steil på Facebook-sidene til lokalavisa. Nokre vil ha slutt på det dei oppfattar som tigging, medan andre påpeika at kyrkja - og kyrkjegjengarane bør vere rause og gi rom for slik verksemd.

Kyrkjeverja vil likevel be soknerådet vurdere om det er behov for meir prinsipielle retningslinjer for kva ein kan tillate av sal inne på kyrkja sitt område.

Eit tenkt døme der ein matvarekjede stiller seg opp ved kyrkja og reklamerar for grillprodukta sine, meiner Myrene er over streken for kva ein bør gi lov til.

– Men vi ønskjer at soknerådet skal trekke grensa for kva ein kan tillate, forklarar han.

  • Kva meiner du - er det greit å selje eller tigge på kyrkjetrappa? Bruk kommentarfeltet !