-  Det er ufatteleg. Eg har ikkje ord, seier Kåre Henning Garshol til smp.no.

Garshol er leiar for sameiget der tragedien skjedde.

Bustadane er heilt nye,og nyinnflytta, og naboane er strerkt prega av det som skjedde.

Garshol seier at han var kamerat med offeret i saka.

- Han var ein kjempekjekk kar. Og han var medlem av supporterklubben til Hødd, og bidragsytar der.

Den mistenkte gjerningsmannen kjennner Garshol  ikkje så godt.

- Men dette er ei tragisk sak for alle, seier Garshol, som ikkje fekk med seg kva som skjedde i natt.

- Eg høyrde ingenting , seier han.