Ljøbrekkas Vener har fått ein halv million i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Pengane skal gå til å ruste opp den gamle postvegen mellom Ljøen og Herdal i Stranda. Dette er ein del av Den Trondhjemske postveg som gjekk mellom Bergen og Trondheim. Vegen over Ljøbrekka var i dårleg stand då veneforeininga tok til med å reparere den. Mykje står enno att.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Veggrøfter og stikkrenner er dårlege, murane er til nedfalls og mange stader er vegdekket heilt eller delvis borte på grunn av vass-skader.Strekninga Ljøen-Herdal er eit mykje brukt friluftsområde.

I eit område med høge fjell, er Ljøbrekka lett tilgjengeleg og gjev store naturopplevingar for folk i alle aldrar, heiter det i saksframstillinga til fylkeskommunen.