Laurdag kveld vart den døde henta ut frå leilegheita der han vart tatt livet av.

Ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for forsettleg drap, etter at ein person er tatt livet av på Bigset i Hareid fredag. Den sikta er frå ein annan stad i landet men er busett på Sunnmøre.

Fungerande politimeister Ingar Bøen seier politiet har opplysningar som tilseier at det var vitne til drapet. Bøen vil ikkje seie om det var eitt eller fleire vitne.

Det politiet kan seie at det var fleire til stades i leilegheita då drapet vart utført. Politiet meiner å ha kontroll på alle som var der.

Den drepne mangla fleire kroppsdelar då han vart funnen i ein kommunalbustad på Bigset i Hareid kommune fredag ettermiddag. Desse kroppsdelane er funne inne i leilegheita.

Drapsvåpenet var laurdag ettermiddag ikkje funne.

30 med status som vitne

Opp mot 30 personar har vorte avhøyrde med status som vitne. Det opplyser fungerande politimeister Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet gjentek at alle som trur dei kan ha tips i saka snarast må ta kontakt med politiet på 02800.

– Om dei som bur i området ser gjenstandar som ikkje naturleg høyrer til der, skal ikkje desse røyvast eller flyttast på. Ring politiet, som då vil ta hand om gjenstanden, opplyser Bøen.