– Truleg blir brua kopla saman til sommaren, men opninga skjer ikkje før seinhaustes. Det har vore store utfordringar med grunnarbeidet, seier byggjeleiar Sigmund Lønset i Statens vegvesen til Sunnmørsposten.

Om lag hundre personar er for tida i gang med bygginga som vil gå utan avbrot til ho er ferdig. Heller ikkje i år blir det noko fellesferie på brua. På det meste har vore 170 arbeidsfolk samstundes.

Landemerke

Tresfjordbrua er allereie blitt eit landemerke, der ho smyg seg i ein slak kurve yttarst i Tresfjorden. Brua følgjer ein morenerygg frå Remmem på sørsida av fjorden, der det i starten vart banka ned pælar som brufundament. På Vike-sida er det fylt ut tonnevis av stein i ei fylling fram til Vikeskjera.

Den største utfordringa var støypinga og plasseringa av to senkekasser på 40 meters djup. Dei er fundament for dei to store tårna, om lag midt på brua. Også her kviler brua på morenegrunn.

Arbeidet med dette har gjort sitt til at brua blir noko forseinka. Opphavleg skulle ho opne til sommaren.

Framspring

Frå det eine tårnet er det støypt eit T-forma framspring, og ein er i god gang med å leggje til rette for å støype fritt frambygg også på det andre tårnet. Til saman blir dette eit framspring på 140 meter der skipstrafikken kan passere under. I tillegg er ein no i gang med støyping av dei to siste av seks bruspenn på Vike-sida. Til saman kviler brua på 16 søyler i tillegg til dei to tårna på midten.

– Det arbeidet som nå står att er meir kjent.

Arbeidet er sårbart for ver og vind. Berre og annen dag til no i byggjeperioden har vi måtte innstille arbeidet på grunn av vinden, seier Sigmund Lønset.

Parallelt med bygging av brua, blir det arbeidd med tilførselsvegar på båe sider av fjorden. Det er bygd ein undergang på Vike-sida der den lokale trafikken innover i fjorden skal gå. Ein liknande kulvert for lokaltrafikk er laga på Remmen-sida.

– Ved Remmem blir det ei komplisert kryssløysing med rundkøyring. Gamlevegen vil gå under den nye E136, seier Lønset.

Vegsystemet på båe sider av fjorden vil vere ferdig like før brua vert opna, ein gang ut på hausten 2015.

Gjør som over 21.500 andre - følg smp.no på Facebook

<strong>Ruvar:</strong> Næraste nabo er Salthammer Båtbyggeri As Vestnes. Brua er ikkje utan problem for denne naboen.