Ferjeselskapet The Fjords har no finrekna på trafikktala på denne ruta, som gjekk frå 1. mai til 1. november.

Tendensen er ikkje til å ta feil av: Det er vekst på alle felt.

Dei to ferjene «Veøy» og «Bolsøy» frakta i år 224.992 personar, noko som er 24.185 fleire enn i fjor.

Desse var fordelte på 21.092 personbilar og bubilar (+666), 4.320 bussar (+508) og 1504 motorsyklar (+30).

Tidlegare i haust søkte selskapet Fjord 2 Fjord Cruises om konsesjon for ei konkurrerande ferjerute mellom Hellesylt og Geiranger.

Men dei trekte seinare søknaden før han var behandla av Møre og Romsdal fylkeskommune.