Eit aksjeselskap under stifting ønskjer å etablere eit mottak for mindreårige asylsøkjarar i Herøy, skriv Vestlandsnytt.

Planen er at det tidlegare Herøy Hotell skal vere ein mellombels bustad for inntil 29 asylsøkjarar medan søknaden blir vurdert.

Eigaren av bygget er Oddmund Kvalsvik. Ifølgje ein innleigd fagkonsulent skal bygget eigne seg godt til asylmottak.

Tilbake i 2009 sa Herøy-politikarane ja til etablering av eit tilsvarande asylmottak i det tidlegare hotellet. Den gongen vart det ikkje noko av planane fordi det vise seg å ikkje vere behov for mottaket.