- Også i år har me fleire filmar og arrangement med lokal forankring, fortel infoansvarleg Malin Lystad.

Årets opningsfilm er Eit kjærleiksbarn, filmen om Torstein og hans kontroversielle val i høve det å starte ei familie.

- Det er ein film om kva eit lite øysamfunn, med sine prestar, frisørar og pensjonerte jordmødre tenkjer om utradisjonelle val og om det som står i skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter. Filmregissøren, Ida Kleppe, jobbar som produsent og regissør i Pandora. Ho er frå Leikong, ikkje langt frå Volda, og har difor eit nært forhold til Dokfilm, seier Lystad.

Padder

På programmet er også Are Pilskogs film, Kunsten å leggje seg paddeflat. Filmen handlar om to eldsjeler som bestemmer seg for å kjempe paddene si sak når Vegvesenet startar bygginga av ny veg, vegen som me lokalt kjenner som Kvisvegen.

- Tidlegare voldastudent, som no er tilsett ved Høgskulen i Volda, Øystein Frøyland synar filmen sin Simen. Filmen handlar om 11 år gamle Simen som har ein alvorleg hjerneskade. Trass i dårlege prognosar lærte han å lese, skrive og kommunisere allereie som 3-åring. Vi får eit innsyn i Simen sin kvardag, og får samstundes sjå korleis familien hans taklar diagnosen og held positiviteten oppe, fortel Lystad.

Psykisk

Psykiske lidingar har vorte meir ope og akseptert å snakke om i dagens samfunn.

- Under årets Dokfilm handlar heile seks filmar om psykiske lidingar. Difor har me valt å ha psykiske lidingar som tema på eit av seminara våre.  For å diskutere dette vert vil der vere eit panel, med Karianne Berge, Hans Lukas Hansen og Aleksander Johan Andreassen. Dei skal forsøke å gi et svar på spørsmåla; kvar går grensa? Og er det i det heile tatt etisk å portrettere og eksponere menneske med psykiske lidingar?, seier Lystad.

Folkefest

-Her vert det underhaldning for både store og små. Det vert høve til å verte måla i andletet med spreke og gøyale fargar, delta på rebusløp, ta del i sekkeløp, kubbespel og mykje anna moro. Born og vaksne er hjarteleg velkomne til Folkefesten i Volda Etter folkefesten på laurdag, inviterer me alle borna med på filmsyning på Rokken, for dokumentarfilm passar også for born! Der vert det synt to norske dokumentarar som egnar seg for born i alle aldrar. Mogelegheita for ei overrasking til borna etter filmen er stor, seier Lystad.