Dette seier hovudverneombod i Norled Møre, Ronny Kvam (31) frå Vegsund. Han er til dagleg matros om bord i «Tidefjord», som går i skytteltrafikk i lag med kollegaferja «Ullensvang». Det er denne som ser ut til å ha vorte eit hatobjekt for mange bilistar, etter at ho vart sett inn i sambandet Hareid–Sulesund.

Forferda

Ronny Kvam seier han er regelrett forferda over den personsjikanen som no går føre seg mot unge kollegaer om bord i «Ullensvang».

– Utruleg

Han kan fortelje om ei rekkje utslag av bilistane sitt raseri mot ferja, og at dette altså går direkte ut over matrosane.

– Kva går sjikanen ut på?

– Det handlar om alt frå direkte personleg sjikane, stygge tilrop, trugsmål, manglande respekt for dirigeringa, openlys krangel med full stopp under ombordkøyringa og så vidare.

– Nokre driv fornedrande oppførsel ved å nappe tilbake kontrollkortet når matrosen skal samle det inn.

Manglar folkeskikk

– Kort og godt snakkar vi om ein slik total mangel på folkeskikk og normal oppførsel at det er vanskeleg å tru det, seier Kvam.

Han meiner Norled som reiarlag har gjort det dei kan for å prøve å ta kontroll på situasjonen. Mellom anna har sjefen nyleg reist med ferja for å sjå og prøve ta ansvar.

– No meiner eg det er tid for oppdragskjøparen å melde seg på banen, fylkeskommunen, insisterer Ronny Kvam. Han meiner det må gripast inn før det blir fleire sjukmeldingar.

Truga

Sunnmørsposten snakka med fleire av matrosane om bord i går, og fekk stadfesta det verneombodet har skildra.

– Eg har vorte truga av bilistar, seier Geir Ove Enerhaug.

– Eg har opplevd forsøk på å bli påkøyrt eller sneia borti, fortel Charlotte Eikrem. Alle matrosane seier seg oppgitt og fortvila over situasjonen.

Arbeidsgjevar sitt ansvar

Leiar for samferdselsutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne, seier problemet er Norled sitt ansvar.

– I anbodskontrakten står det at helse, miljø og sikkerheit for dei tilsette er arbeidsgjevar sitt ansvar. Det er Norled som må ordne opp i situasjonen. Når det er sagt, tek vi sterk avstand frå sjikanen matrosane opplever. Alle bør forstå at det ikkje nyttar å la frustrasjon gå ut over dei.

Vatne seier det blir jobba med å få inn ei tredje ferje i sambandet.

– Neste møte i utvalet, 4. mars, får vi ei orientering om korleis forhandlingane går. Ei ny ferje blir sett inn så snart som råd er, seier Oddbjørn Vatne.

<strong>Dirigering:</strong> Charlotte Eikrem og Even Hartmann har berre fire minuttar på seg til å få bilane om bord.
<strong>Oppdragsgjevar:</strong> Samferdslesjef Arild Fuglseth.