Berre 19 år gammal blir Bror Magnus Tødenes, frå Eiksund i Ulstein, omtala som eit operatalent av dei sjeldne. Faktisk er det nett dei orda den kjende sopranen Elizabeth Norberg-Schulz har brukt om nykomlingen. Og professor i klassisk song ved Institutt for musikk ved NTNU, Kåre Bjørkøy, er frå seg av begeistring.

– Tødenes har eit sjeldan stemmetalent, som eg i mitt lange virke som pedagog og utøvar knapt har opplevd maken til, seier han.

Draumen

Tødenes sjølv er no fast bestemd på å bli profesjonell operasongar. Og det berre tre år etter at han byrja å synge.

– Eg var elev ved musikklinja i Fagerlia, og hadde jazzgitar som hovudinstrument og song som bi-instrument. Songlæraren min, Lisbet Lislevatn, meinte at eg burde synge meir, og oppmoda meg til å søke på talentutviklingsprogrammet «Unge musikarar» ved NTNU i Trondheim, fortel Bror Magnus.

Sidan har det gått slag i slag i ei retning – opera. No har Bror Magnus song som hovudinstrument ved bachelorstudiet i musikk ved NTNU, medan jazzgitar har blitt bi-instrument. Og draumen er klar;#<\p>Bror Magnus skal bli operasongar.

Rett hylle

– Eg kjenner verkeleg at eg har hamna på rett hylle. Opera er «min mission», som læraren min ved NTNU seier. Det er litt rart å tenkje på, fordi alt har gått så fort. Hadde det ikkje vore for songlæraren min i Fagerlia hadde eg kanskje aldri byrja å synge, seier Bror Magnus, og legg til:

– I byrjinga var eg skeptisk til klassisk song, men no tykkjer eg den klassiske musikken er heilt fantastisk. Det er som ei anna verd, seier Bror Magnus entusiastisk.

Ute med CD

Etter eit halvt år som student er han no heime til jul, med meir enn skitne klede i bagasjen.

Den unge songaren er ute med CD, som er spelt inn i Sjøborg kulturhus.

Allereie på laurdag er han aktuell i den tradisjonsrike Julenattinéen i Ulstein kyrkje, og 30. desember vert det klassisk romjulskonsert i Sjøborg kulturhus.

På sistnemnde stiller han i lag med ålesundar og studiekompis Henrik Bondevik på kontrabass, og Mona Spigseth Sagstad, som er lærar i klaverfag ved Institutt for musikk i Trondheim, på flygel.

Blanda

Bror Magnus kjenner ei skrekkblanda fryd framfor konsertane på heimebane.

– Eg vonar publikum ikkje har for høge forventningar, ler han, men legg til:

– Eg har lyst til å vise folk at opera er ei fantastisk kunstform, som ikkje handlar om skrikande gamlingar.