Med fem mot fire røyster gjekk formannskapet i Sykkylven måndag kveld imot at det vert innført eigedomsskatt i Sykkylven.

Følg smp.no på Facebook

Fleirtalet består av Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Sistnemnde parti flagga først måndag kveld kva dei ville røste, medan Høgre og Frp har vore klare heile tida på at dei ville røyste imot.

Kommunestyret avgjer saka

Mindretalet, som gjekk inn for eigedomsskatt i Sykkylven frå og med neste år, bestod av Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Saka skal no opp i kommunestyret til endeleg avgjer.

– I staden for å hente inn 7,5 millionar kroner i eigedomsskatt, føreslår vi innsparingar på det same beløpet, slik at vi får eit budsjett i balanse, seier Petter Lyshol (H), ordførar i Sykkylven.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

– Vil kutta merkast?

– Ja, det vil dei. Men det ville også eigedomsskatt ha gjort. Vi brukar ostehøvelmetoden, og reduserer kostnadene litt over det meste. Men vi føreslår ikkje at noko skal leggast ned, seier Lyshol.

Les også: Ber om å få betale eigedomsskatt

– Vil miste jobbane sine

– Fleire kommunetilsette kjem til å miste jobbane sine i Sykkylven om ein ikkje innfører eigedomsskatt.

Det seier Steinar Johan Bakke frå Arbeidarpartiet.

Han legg til at det difor er sterkt beklageleg at fleirtalet i formannskapet sa nei til ei slik ekstrainntekt for kommunen.

– Dersom det skal nyttast ostehøvelprinsippet i innsparingane kjem tenestetilbodet til å bli betydeleg dårlegare i kommunen. Eg er faktisk i tvil om det i heile teke blir mogeleg å få til eit realistisk budsjett, trur Bakke.