Politisperringar på oppsida av kommunalboligen der drapet fant stad i kjelleren er no oppheva, mens etterforskarar i vernedrakter går inn og ut av bustaden.

På pressekonferansen klokka 16.00 søndag kom det fram at arbeidet på åstaden ville halde fram i alle fall ut mandag.

I ei pressemelding frå politiet kjem det fram at etterforskinga går for fullt, og enno arbeider rundt 25 personar frå Sunnmøre politidistrikt på ulike fagfelt i saka. Ni kjem frå KRIPOS med støtte på teknisk, taktisk samt datateknisk etterforsking. Av desse ni er utrykingsleiar Sven Åge Rønning inne i politidistriktets etterforskingsleiing.

Søndag ettermiddag hadde politiet registrert over 50 tips, og det var avhøyrt over 30 med status som vitne.

Etterforskinga vidare er konsentrert om å få så mange detaljar som mogleg på plass om omstenda rundt denne handlinga, både når det gjeld det faktiske hendingsforløpet og gjerningsmannen sitt motiv, dersom det finst eit slikt.

Opplysningane er viktige ikkje berre for den strafferettslige vurderinga av denne saka, men også for dei pårørande, står det i pressemeldinga frå Sunnmøre politidistrikt.