Bedrifta Jakob & Johan Dybvik i Sula har fått prisen for «Årets godbit» under kåringa av «Det norske måltid», melder NRK Møre og Romsdal.

Dei fekk prisen for produktet Klippfisk 321 Ovn.

Juryen framhevar at produktet er brukarvenleg og kan motivere fleire til å ete klippfisk.

Tre juryar

Ingrid Espelid Hovig (91) var blant gjestane som fekk servert det aller beste av det Norge har å by på i matvegen. 130 matbedrifter hadde meldt seg på i konkurransen.

Etter tre uavhengige juryrundar stod Jakob & Johan Dybvik igjen som vinnar av «Årets godbit».

Produktet er utvikla i samarbeid med ein ekstern kokk og kjøkkensjef, Nils Henning Nesje.

– Klippfisk er 10 kilo levande fisk som blir konsentrert til ei protein- og smaksbombe på rundt 3,5 kilo. Dette produktet som vann er utvikla for å nå nye brukargrupper, seier ein av bedriftsleiarane, Sindre Dybvik, til Sunnmørsposten.

Ti prisar

Prisen for Årets meieriprodukt gjekk til Tingvoll og osten Kraftkar. Totalt ti prisar vart delt ut.

Dei andre kategoriane er Årets sjømat naturell, Årets sjømat bearbeidd, Årets kjøt naturell, Årets kjøt bearbeidd, Årets det grøne naturell, Årets det grøne bearbeidd, Årets matspire og Årets heiderspris.

Her er meir om dei andre vinnarane (ekstern lenke)