Politiet satte fredag ettermiddag i verk ein leiteaksjon mellom Selje og Måløy etter at to ungdomar blei meldt sakna. Allereie klokka 18.23 fann politiet bilen til dei sakna ungdomane i sjøen ved Røyrvikneset, etter tips frå publikum.

– Bilen blei funnen på ni meters djupne. Det er merke på ein støypekant ved sida av vegen, som gjorde at politiet blei tipsa om denne staden, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Politiet vil ikkje spekulere i kva som har skjedd, men vil etterforska saka for å finne ut kvifor bilen hamna i sjøen langs fylkesveg 618 mellom Selje og Vågsøy.

Familiane informert

Ved 20.20-tida opplyser politiet at det er to omkomne personar i bilen. Familiane til dei sakna ungdomane er informert om funna, melder politiet på Twitter.

– Dei omkomne er ikkje formelt identifisert, men det er nærliggande å tru at det er dei to sakna ungdomane, seier operasjonsleiaren.

Sett køyrande i blå Golf

Politiet seier til Fjordenes Tidene at begge dei sakna - ein mann (19) og ei kvinne (18) var elevar ved Måløy vidaregåande skule.

Ungdomane var heimehøyrande i Florø og blei meldt sakna av familie.

Dei skal ikkje ha vore sett sidan onsdag kveld. Då skal dei ha køyrt ein blå Volkswagen Golf på fylkesveg 618 mellom Selje og Vågsøy.

Frykta ulukke

Mannskapene starta å leite langs fylkesvegen der ungdomane sist blei sett. Politiet frykta allereie frå starten at dei kunne vere utsett for ei ulukke.

– Ja, er det er grunnen til at vi konsentrerer søket langs vegen, sa operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no fredag ettermiddag.

Både Redningsskøyta Halfdan Grieg, redningshelikopter og mannskap frå Røde Kors deltok i søket som blei starta opp ved 17-tida.