Politiet måtte ta seg inn i ei leilegheit i Ålesund natt til torsdag, etter melding om ein røykvarslar som var utløyst i ei leilegheit i ein bygard i sentrum.

–Naboar reagerte på ein røykvarslar som peip, og vi sende ein patrulje til staden. Dei fekk ikkje kontakt, og dei kjende først heller ikkje røyk. Men så kjende dei svilukt og braut seg inn i leilegheita, fortel operasjonsleiar Arild Reite hos politiet.

I leilegheita fann politiet ein svartbrent pizza i steikeovnen, og ei kvinne som sov på sofaen.

– Forholdet blei oppdaga i god tid, men det er klart at røyk og gassar frå slikt kan vere farleg viss ein sovnar, og i verste fall kan ein stryke med, seier Reite.

Til alt hell gjekk det bra denne gongen, men det er oppretta sak og kvinna risikerer ei bot for at ho har vore uforsiktig.

Politiet beslagla også narkotika i leilegheita.