Familie, vener og bekjente hadde møtt opp for å støtte Dimna Idrettslag sin store son i sitt første OL som friidrettsutøvar.

Over 100 tilskodarar hadde funne vegen då Dimna IL inviterte til open hall og storskjerm. Klubben si store stjerne stod på startstreken i OL, og stemninga var til å ta og føle på.

Warholm videre til semifinale: – Jeg har fått en ufatterlig bra start

– Utruleg stolt

– Dette var heilt fantastisk. Eg skulle ønskje eg var der sjølv, men det var greitt å vere i Ulsteinhallen også, sa kjærasten Oda Djupvik til smp.no etter målgang.

– Kom et nokre tårer?

–  Ja, det kom mange tårer og eg er utruleg stolt. Det er heilt ubeskriveleg, seier ho og ønskjer fylket sin mest populære idrettsmann for augneblinken lykke til i semifinalen natt til onsdag.

– Har alltid trua

Mor Kristine og far Mikael framstod sindige og avslappa før sonen skulle starte sitt livs løp, men mor måtte til slutt smilande erkjenne at det bobla bra i magen.

– Eg har alltid trua når Karsten skal springe løp, men no snakkar vi OL, og alle dei beste i verda er med. Han har klart å kvalifisere seg til denne store meisterskapen, og det skal vi vere fornøgde med, påpeika ho før løpet. Etter at Karsten hadde kvalifisert seg, smilte både ho og mannen frå øyre til øyre.

Fantastisk artig

– Dette var fantastisk artig. Om det blir finale så MÅ vi til Rio, sa ei jublande mor Kristin Haddal jublande til Sunnmørsposten. Først er det altså semifinale, natt til onsdag.

Farmor og farfar, Kristine og Erling, var også på plass i Ulsteinhallen denne måndag ettermiddagen.

Perfekt løp

Trenar Arve Hatløy rusla rundt i Ulsteinhallen før løpet. Litt nervøs, men veldig spent på korleis Karsten Warholm ville takle OL i Rio.

– Det er små marginar og full fart frå start. Slik eg ser det er det heil ope om han klarer å kvalifisere seg til semifinale, sa Arve Hatløy til Sunnmørsposten før løpet. Etter at Warholm hadde sprunge i mål, strålte han saman med resten av tilskodarane i hallen.

– Det var eit perfekt løp. Karsten sprang på 13 steg mellom alle hekkane. Eg er rett og slett imponert over guten, strålte Hatløy.