Torsdag morgon blei ein fotgjengar alvorleg skadd etter å ha blitt påkøyrd av ein bil på Brautaset i Ørsta.

Like etter klokka 09 melder politiet at ein mann i 60-åra er konstatert død. Pårørande er varsla.

– Han er stadfesta omkomen på staden, opplyser operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt.

Var kritisk skadd

Litt før klokka halv åtte torsdag morgon rykka naudetatane ut til ei trafikkulukke i Ørsta.

Ulukka skjedde på fylkesveg 655 på Brautaset i Åmdalen.

Ein fotgjengar er påkøyrd og er kritisk skadd, ifølgje Twitter-melding frå politiet.

– Ein vaksen mann er skadd, opplyste operasjonsleiar John Bratland til smp.no like før klokka åtte torsdag morgon.

Vegen stengd

Ifølgje Bratland er trafikkulukkegruppa i Statens vegvesen varsla, og politiet vil ta avhøyr av dei involverte for å finne ut kva som har skjedd.

Statens vegvesen melder i morgontimane at fylkesveg 655 Brautaset, på strekninga Ørsta–Tryggestad, er stengd på grunn av trafikkulukka. I 15.30-tida er vegen framleis stengd, ifølgje Vegvesenet.

Skal obduserast

Politiadvokat Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt seier til Sunnmørsposten at mannen som blei påkøyrd vil bli obdusert.

- Vi har avhøyrt bilførar og han har forklart at han såg ein person gå langs vegen. Då bilen var neste på høgde med personen gjorde denne ein brå bevegelse inn mot midten av vegbana. Bilføraren forsøkte å svinge unna, men det var uråd å unngå samanstøyt, forklarar han. Tekniske undersøkingar stadfestar låg fart og treffpunkt, seier Skovly.

Politiet har likevel inndrege føraren sitt førarkort.

- Dette er gjort etter ei vurdering, og til ein kan fastslå årsaka til ulukka.