Det er vindstill, kald og klar austlandsvinter. Ikkje ein fjørestein i sikte. Fritjof Remøe ønskjer velkomen til heimen sin i Bærum. I gangen viser han fram bildet av Brattholm og ristar på hovudet.

Modell av «Brattholm I». Motorkuttar brukt i Shetlandstrafikken under krigen.

Fritjof er den einaste igjenlevande av dei som stakk av med skuta Brattholm 1 frå Remøya ein sein nattetime for over 73 år sidan. NRK viser no ein programserie om skuta som til slutt vart sprengt av tyskarane. Berre ein mann kom frå det med livet i behald. Jan Baalsrud.

Sjøen

Det lyder eit plask og han er våt på føtene. Igjen. Gutungane på Remøya leika i vaulen. Fiska krabbe og stakk flyndre. Hoppa frå stein til stein. Dagane var eit liv ved sjøen. Draumen var eit liv på havet.

– Eg låg i senga om kvelden. Høyrde på båra og såg meg føre meg med fire striper på ermet, seier Fritjof Remøe (92) og teiknar liksom opp kapteinsstripene oppover arma.

Fritjof og Aksel Remøe som barn.

Då Fritjof var 19 år, var han ein høgreist lyslugg som alt hadde bak seg fleire sesongar med snurpenota om bord i Brattholm og eit par turar i isen. Der var han også då tyskarane gjekk inn i Norge. Fritjof kom seg til lands, og utover sommaren vart han gåande heime og lure på kva han no skulle finne på.

Alfred Remøy eigde Brattholm saman med Petter K. Sævik og Arthur Sævik. Alfred ville over til Island, for å drive fiskeri, fortel Fritjof.

– Var det verkeleg planane at de skulle drive fiskeri?

– Ja. Vi tok med oss både sildegarna og torskegarna.

Det låg vel også bak at Alfred var i ferd med å kjenne at det var nokre auge som vakta på han medan andre blikk vart unnvikande. Han var kjent som ein som var til å lite på – for dei som ville til England. I tillegg var tyskarane ute etter båtar som Brattholm, og dei rekvirerte skøyter langs heile kysten.

Stakk

Sju mann for over. Natta til onsdag 13. november 1940. Fritjof erindrar det som om det berre gjekk nokre dagar frå dei bestemte seg til dei for.

Han tok med proviant i ein koffert og fira den ut kvistvindauget før han la igjen ein lapp til foreldra og sneik seg av garde.

– Brattholm låg ut på køyla i Sævikane rett utanfor dei to andre eigarane. Vi tok om bord det vi trengde frå Skotholmen, løyste fortøyingane og slepte den litt lenger ut på fjorden så ikkje det skulle høyrast så godt når vi starta opp. Det heile var så frekt at det ikkje er måte på.

– Vi hadde brukt altfor lang tid. Klokka hadde vorte fem før vi kom oss av garde.

Dei gjekk ut på Goksøyrvika.

– Tyskarane hadde vakter på fyret, men eg trur dei sov godt. Vi gjekk iallfall rett forbi.

Dei steama mot nord. Lot som om målet var nordover, ikkje vestover. I regn og lave skyer. Kuling, men bra vêr.

– Det einaste var at vi fekk skorsteinsbrann. Men den fekk vi sløkt med å legge noko opp på pipa.

Fritjof meiner at Brattholm var ein god båt.

– Men båten skulle ha vore av garde og hente stein til ein grunnmur. Difor var ballaststeinen teken ut, så det var nok litt rulling ….

Garna skulle ned i lasteromet, og bøygd over lukekarmen fekk Fritjof seg eit slag som han var merkt av i fleire år etterpå. Lastebommen hadde huka seg av og trefte han nedover ryggen.

– Då eg kom til meg sjølv igjen, kraup eg attover. Der såg eg noko eg aldri gløymer. Då eg for heimanfrå, hadde eg pakka litt mat i kofferten. Kofferten hadde opna seg og ei blodpølse låg og rulla att og fram.

Han ler av det minnet. Grøssar av andre. Som då noko stort dukka opp i horisonten.

– Vi trudde det var ein ubåt, men det var ein engelsk destroyer. Dei kom opp på sida og lurte på kvar vi skulle, men det var ingen som forsto kva dei sa!

Seinare møtte dei ein færøysk fiskar.

– Kva han gjorde der, det har vi lurt på, men vi var takknemleg for opplysningar om posisjonen elles hadde vi berre køyrt på og hamna i Vesterisen. Nei, vi hadde vel forstått det før og korrigert.

Island

Målet var Reykjavik. Der hadde nokon av dei vore før. Etter eit nestenforlis langs kysten då det rauk opp til storm, kom dei omsider fram til den islandske hovudstaden. Der var dei venta. Fritjof meiner det var den engelske destroyeren som hadde meldt frå. Syvdebåten «Jøkul» tok i mot og mannskapet der gjekk god for dei. Dei gjekk gjerandslause eit par, tre veker. Fiskeri forsto dei raskt at det ikkje kunne verte noko av. Og så vart Brattholm sett i arbeid for det britiske Ministry of War Transport.

– Vi frakta soldatar, varer, allting. Vi hadde det fint, vi.

Dei gjekk mellom Seydisfjordur og Budareyri i Borgarfjord på austkysten. Med ein seksti hestekrefter stor Wickmanmotor skipa dei alt frå mat til bensin og gullbarrar. I 1942 trengde shetlandsfarta fleire båtar og Brattholm, Sandøy 1 og Bergholm gjekk sørover til Shetland. Mannskapet vart innrullert i ulike våpen. Fritjof fortel at for mange var flyskulen i Canada populær.

– Men eg valde der eg var fødd, eg kunne ikkje tenkje meg anna enn sjøen.

Først gjekk turen til London og «Patriotic School».

– Dei skulle kontrollere om vi var skikkelege folk. Etter ti dagar begynte vi å protestere. Vi var ikkje komne dit for å kvile oss.

Seks søsken ute

Fritjof gjekk om bord i Istria. Han var ein av seks søsken som var ute under krigen på ulike felt og hav. Til saman segla gutane på sytten skip.

Eldstemann i søskenflokken, Sverre, segla ute før krigen, og kom inn i konvoifarta mellom England og USA. Men han var også ein periode plassert heime på Remøya og budde hos foreldra medan han rapporterte frå ein radiostasjon oppe i fjella til London. Også kona og sonen hans budde i den perioden i barndomsheimen. Men «min kone og sønn klarte ikke å være i hus med en mann som levde med revolver og giftpiller» så dei reiste til Ålesund, har Sverre fortalt.

Nest eldste søstera, Sofie, kalla Mimi, var i Oslo. Der hjelpte ho mellom anna til med å få flyktningar over til Sverige og gjekk med illegale aviser.

– Ho vart innkalla to gongar til Gestapo, men kunne snakke for seg, ho. Men til slutt kunne ho ikkje gå heim til leilegheita si. Ho måtte skjule seg, og kom til Mesnalien sanatorium. Det var close til freden.

Den nest eldste broren, Johan, segla også ute. Han skal ha ført forsyningsskip for dei allierte i atlanterhavsfart under krigen. Det er også sagt at han var ute for torpedering.

Ei anna søster, Lydia, er no 101 år. Ho tok seg over til England med losskøyta «Rundø» og vart innrullert i saniteten. Lydia vart sjukepleiar og jobba på det norske marinehospitalet i Edinburgh til krigen var slutt.

Sigbjørn segla på Stillehavet til han vart utsett for ein ryggskade i 1941. Då vart han sett i land i Brisbane i Australia. Breva hans kom ikkje heim, og dei heime «hadde nærast syrgt han av». Etter krigen kom han pent og pynteleg og heilt uventa spaserande inn på kjøkenet.

Nådde den siste livbåten

Aksel var den som var nærast Fritjof i alder.

– Eg sto på dekk og høyrde desse unge gutane rope på mor. Så vart det stilt. Heilt stilt.

Han er no 95 år. Også han gjekk i konvoifart over Atlanterhavet. Også han var med på torpedering, berre nokre veker etter Fritjof. Det var ein marskveld med Bonneville. 14 av 49 skip i konvoien vart torpedert. Vinden hadde spakna til stiv kuling, men sjøen gjekk i frådande brot. Aksel nådde tak i siste livbåten, men vart kasta ut og gjekk under.

Kom opp igjen mellom livbåten og skutesida før han vart teken av ein brotsjø. Han har fortalt at alt vart mørkt før han kom til seg sjølv. Då hadde han vorte kasta tilbake opp på dekk på Bonneville. Han skimta livbåten drivande forbi, heiv seg i sjøen og fekk klatra seg om bord. Livbåten dreiv under akterenden på skipet som kom dundrande ned, og kasta dei ut i sjøen igjen. Aksel huskar berre kor propellen heva seg høgt over dei. Til slutt var dei fire igjen om bord i livbåten.

Dei som låg i sjøen fraus snart i hel. I livbåten ausa dei, men måtte gi opp. Dei sakk djupare og djupare. Andremaskinisten fraus i hel først. Så tømmermannen. Han hadde hatt berre hovudet over vatn fordi det kalde sjøvatnet var varmare enn lufta. Overstyrmannen vart teken av ein brotsjø.

Og Aksel var igjen åleine.

Havet brølte.

Livbåten låg med akterenden under vatn. Aksel klamra seg til tofta. Før han gjekk i livbåten hadde han teke seg tid til å ha på seg den heildekkjande gummidrakta. Under hadde han heimestrikka ullundertøy. Han var også klartenkt nok til å spare på batterilyset på redningsvesten. Først då dei andre var døde, sette han på sitt eige lys. Etter tre timar såg eit britisk skip det vesle lyset. Dei kom til. Han ville rope, men fekk ikkje fram ein lyd. Om bord i skipet kasta dei ut ei line, men fingrane hans var så stive at han ikkje greidde å knyte fast.

Nokre dagar seinare vart han sett i land i Skottland med billett til London. Og etter nokre dagars kvile der, så mønstra Aksel på Sommerville, søsterskipet til Bonneville.

Torpedert

Fritjof vart også torpedert. Ein halv time etter første torpedoen trefte, gjekk Ingria ned, men Fritjof føysar det nesten unna.

– Eg sto til rors. Det var ein morgon i fem-seks tida, seint i februar. Men det var bra vêr. Og eg var vant med å hoppe i notbåten på Brattholm, så det var lett å hoppe i livbåten. Alle kom seg i livbåtane, og det gjekk berre nokre timar før vi vart plukka opp.

Dette fortel han beint fram og utan vanskar. Han seier at med åra så har tårene fått lett for å kome. Eit medfølande ord eller eit minne kan gjere at augene renn fulle.

Det skjer ikkje når han fortel om den eine gongen han var redd.

– Det var i Nord-Atlanteren i storm på veg til USA. Vi var to mann på vakt. Vi stampa i motsjø. Såg skyene over himmelen, månen lyse mellom skyene og så ser vi ei bølgje kome, ei som er mykje større enn alle dei andre. Vi kunne ikkje slakke ned og båten berre gjekk oppover og oppover før han dett ned og kastar akterenden opp. Alt ristar laust. Då trudde eg at båten skulle brotne.

Men Fritjof kjempar med tårer og følelsar når han fortel om det verste. Rett etter at han sjølv var torpedert.

– Vi hadde vore om bord i båten som berga oss nokre dagar. Utanfor Newfoundland kom vi til eit engelsk skip som sakk pladask. Mannskapet hadde ikkje tid til å gå i livbåtane. Vi stoppa for å plukke opp mannskapet som låg i sjøen. Eg sto på dekk og høyrde desse unge gutane rope på mor. Så vart det stilt. Heilt stilt.

Han spør om vi vil ha kaffi. Går ut på kjøkenet. Så mange tiår etter, heime i stova og trygt plassert på landjorda, må vi ta kaffipause frå dette minnet. Då det skjedde, vart han berre sendt til New York på fjorten dagars ferie, så var det ut igjen.

– Det var ikkje noko kriseteam som sto og venta på dykk?

– Nei. Og var det mangel på mannskap, så vart ein berre sendt rett ut igjen.

– Angrar du på at du for ut?

– Nei, aldri. Vi gjorde berre jobben vår i teneste for Norge.

– Det er eit under.

Nytt liv

Dei som kom igjen måtte bygge seg eit nytt liv. Fritjof er opprørt over måten både krigsseglarane har vore behandla på.

– I England er dei så takknemlege. Dei sa at det var dei norske sjøfolka som berga England. Men i Norge!? Nei, det er skammeleg det som har skjedd.

Fritjof har vore med på samlingane som har vore for krigsseglarar siste åra. Han gler seg over den offentlege unnskyldninga som omsider kom i fjor. Men det hjelpte lite då han kom tilbake frå krigen – først i 1946.

– Vi var dei yngste. Det var dei som var eldre og hadde familie, dei måtte få kome seg heim først.

Faren kom til Ulsteinvik med skyssbåt og henta Fritjof. Eit par karar møtte dei då båten la til. Det var det.

– Kor det var å sjå Remøya igjen?

No renn augene fulle. Han må svelgje. Igjen og igjen. Og så prøver han å vere diplomatisk.

– Det er muleg dei har det slik dei som er frå andre øyar også, men Remøya…. det er …

Han greier ikkje å seie meir. Viser berre tommelen opp.

Foreldra, Sara og Sigvald, fekk ti barn. Ni levde opp. Seks var ute under krigen. Det sit langt inne, men etter litt påtrykk vedgår Fritjof at det nok har vore litt giv i søskenflokken. Det var det også i Fritjof etter krigen.

– Eg huskar eg sto heime i kjøkenet og lurte på kva eg no skulle gjere. Eg hadde berre ein skrøpeleg folkeskule. Og eg ville ikkje ut igjen. Atlanteren var forferdeleg.

Storebror Sigbjørn skulle til Sverige og fullføre utdanninga si. Aksel hadde søkt på og kunne gått på både sjømannsskule i Arendal og styrmannsskule, men det vart Teknologisk Institut i Stockholm. Der fann han seg både utdanning og kone. Remøy-guten vart elektroingeniør og hadde sitt arbeid i det som no heiter Hafslund.

Fritjof fekk aldri kapteinstriper på ermet, sjølv om han pløgde Atlanteren att og fram i år. Det vart aldri meir på havet.

– Eg har vener som er så interesserte i dette med å reise på cruise. Men eg har inga interesse. Eg vil ikkje ut på sjøen igjen.

– Ser du på NRK-serien om Brattholm?

– Nei. Eg orkar ikkje.