Det vil snart bli presentert nye evakueringsgrenser. Det betyr at fleire vil bli berørt av eit stort fjellskred i Storfjorden. Det fortalde ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) på Mannen-evauleringa på Åndalsnes onsdag.

Politiførstebetjent John Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt stadfestar dette. Han er med i prosjektgruppa som arbeider med å finpusse dei nye evakueringsplanane. Så mykje som 10.000 mennneske kan bli evakuert dersom alarmen går om at det kjem eit stort ras frå Åkerneset i Storfjorden.

Flo seier at dette ikkje skuldast at dei trur flodbølgja blir høgare enn tidlegare rekna med, men at ein likevel flyttar sona for evakuering litt opp i høve til i dag. Desse nye sonene vil om kort tid bli presentert for publikum.

Fylkesberedskapsleiar Ketil Matvik Foldal legg til at evakueringsgrensa blir flytta for å vere heilt sikre, og at det fleire stader ikkje er snakk om så mange meter.

- Eg ser ikkje dette som dramatisk, men det er klart at det blir ei ekstra utfordring for beredskapsarbeidet vårt. Dessutan vil det jo også få betydning for fleire bygder som vert veglause, sjølv om dei bur ovanfor evakueringssona, slik som til dømes Geiranger på vinterstid og Sunnylvsbygda, seier Jan Ove Tryggestad. Han  håpar at folk vil ha forståelse for dei nye planane.