Fylkesmannen, som opna konferansen i Geiranger onsdag, trekte fram at skredberedskapen er bygd opp frå ingen ting til å vere livsnødvendig for liv og helse til innbyggjarane som er utsett for fjellskred frå Åkerneset. Onsdag og torsdag er heile fagmiljøet rundt beredskapen samla på konferansen.

- Det er på tide at heile fjellskredfamilien møtest. Vi har ei klar målsetjing at vi kan etablere ein fast arena for fagmiljøet som jobbar for risikoen for store fjellskred, sa Lodve Solholm då han opna konferansen.

Film på programmet

Åkneskonferansen samlar rundt 170 deltakarar, onsdag og torsdag.

Onsdag kveld blir det open førpremiere av  filmen «Bølgen». Det er også ein programpost som handlar om å lage film av fjellskred, der Bølgen-produsent Martin Sulland, regissør Roar Uthaug og skodespelar Kristoffer Joner deltek.

- Det er nok dei som spør seg om det er på grunn av filmen at vi no har ei snusfornuftig motbølgje, men slik er det ikkje. Konferansen står støtt på eigne bein, men "timingen" er ikkje heilt tilfeldig. No utnyttar vi søkjelyset på temaet til å nå fram med vår bodskap, sa Solholm og la til at han aldri før har sett så mykje sakleg folkeopplysning om fjellskred i media som i dei siste vekene.

Håpet er no at folk klarer å skilje mellom fiksjonen i filmen og det verkelege liv.

Utenlandske gjester

Konferansen har stor breidde i deltakarlista. Det er også deltakarar frå den britiske, den amerikanske og den canadiske ambassaden. Solholm ønskte desse spesielt velkomne.

- Det skal ikkje vere grunn til uro verken for dei som bur her eller for dei som kjem her som gjester, sa Solholm.

Målet er at Åkneskonferansen skal bli ei årleg, eller i alle fall jamleg konferanse.

- Vi vil stadig finne nye tema og trekke inn andre beredskapssituasjonar, som stormar og andre uforutsette hendingar, seier Solholm.

Fylkesmannen er arrangør av konferansen, saman med kommunar, fylkeskommune, NVE, Sunnmøre politidistrikt ogTafjord Kraft.