«Gud med oss» står det på kommunelogoen på talarstolen i bystyresalen i Halden. Slik støtte kan dei saktens trenge både der og andre stader som slit med å kome seg ut av Robek-lista. Men vi bør både bukke og takke for dei som frivillig tar på seg det nokså uglamorøse og ganske strevsame vervet som lokalpolitikar. Dei er sjølve nøkkelen i folkestyret, og er det demokratiske resultatet av frie val. Det er rundt om i kommunane av liva våre blir forma. Det er der vi er med på å skape framtida vår kvar einaste dag. Då er det viktig at vi er opptekne av kven det er som skal representere oss i styre og stell.

Så få som 64,2 prosent deltok i kommunevalet i 2011, og endå færre deltok i fylkestingsvalet. Valforskar Frank Aarebrot har sagt at det å sitje heime på valdagen er ei halv stemme til dei du likar minst, og det har han rett i. Deltar du ikkje, har du ikkje noko du skulle ha sagt. Den norske valdeltakinga i lokalval er for låg i høve til våre naboland, men høg i høve til andre europeiske land, der lokalpolitikarane har endå mindre dei skulle ha sagt enn det dei har her i landet. Auka kommunalt sjølvstyre er viktig, og med større kommunar kan det bli ein realitet.

I byar og større landkommunar er det som regel lett å få folk til å stille på listene, men i små kommunar kan det vere eit slit. Folk vegrar seg for å ta på seg langvarige og forpliktande verv. Partimedlemskap er blitt mindre og mindre vanleg. Berre tre prosent av veljarane er medlemmer i eit politisk parti. Dei er nesten blitt ei unntaksgruppe, og det er urovekkjande for demokratiet at talet på partimedlemmer er blitt halvert dei siste 20 åra. Held det fram slik blir veljarane til slutt ei ubunden, flytande masse utan politisk forankring. Det gjer kanskje vala meir spennande, men kan også gjere den politiske styringa vanskelegare.

Intervjuundersøkinga i samband med lokalvalet i 2011 viste at heile 90 prosent av dei spurte kommunestyrerepresentantane sa at dei treivst med vervet sitt. Dei likte rolla som folkevald, og kjende seg ikkje som utsett for politikarforakt. I 2003 vedtok eit fleirtal på Stortinget å redusere veljarane sin innverknad på personvalet gjennom å fjerne retten til å stryke kandidatar. No er det fleirtal på Stortinget for å gjeninnføre denne retten ved kommunevalet i 2019, og det er fornuftig. Grunngivinga for å fjerne strykeadgangen var at strykinga gjekk ut over kvinner og innvandrarar, men all valforsking har vist at så ikkje var tilfelle for kvinnene sin del, og i liten grad for innvandrarkandidatane. Det bør ikkje vere politikarane si oppgåve å hindre veljarane i å seie si meining om kandidatane, og då må det vere lov både å kumulere og å stryke. Men stryking er altså ikkje lov på måndag.

Dei som skal veljast i dag, må hugse at dei først og fremst skal tene veljarane, ikkje styre og herske og tenkje på kva som tener dei sjølve best. Dei skal passe på økonomien og velferden, men elles legge til rette for at også andre sine idear og initiativ får blomstre. Ikkje minst i lokalpolitikken er samarbeid og kompromiss heilt avgjerande. Partipolitikken blir mindre viktig. «Det å sitje heime på valdagen er ei halv stemme til dei du likar minst»