– Det er lågare støynivå, mindre smil og latter. Det er noko med heile stemninga, seier HMS-rådgjevar Liv Marte Hofseth.

Ho og Jenny Helle Stordrange er to av dei 15 HMS-rådgjevarane i bedriftshelsetenesta ved Medi3. 850 små og store bedrifter i Møre og Romsdal er knytt til denne tenesta. Fleire av dei jobbar for tida med nedbemanning.

Les også: Usikre tider pregar arbeidsplassen

Ulike reaksjonar.

I samband med nedgangstidene i oljerelaterte næringar har bedriftshelsetenesta fått fleire oppdrag.

Ved omstilling og nedbemanning er dei med både i ein førebuande fase, og dei møter enkeltpersonar som blir ramma.

– Reaksjonane er individuelle. Dei er mange og varierte. Ingen måte er rettare å reagere på enn andre, seier Stordrange.

Folk reagerer med sinne, frustrasjon, nokre blir oppgitt, andre er likegyldige. Nokre gret. Det hender også at nokre isolerer seg. Eller dei tenkjer «er det meg det er noko gale med?» Søvnproblem, uro, angst og depresjon kan også kome når ein opplever å bli oppsagd. Andre igjen viser ikkje tydelege reaksjonar.

Rollehatten

Det som er spesielt på Sunnmøre og i andre mindre samfunn, er at tilsette og leiarar gjerne har fleire roller. Dei er gjerne også vener, naboar eller familie.

– Dei har ikkje berre éi rolle, og dette skaper meir kjensler, seier Hofseth.

Når HMS-rådgjevarane førebur leiarane, snakkar dei mykje om roller og at leiaren må ta på seg rollehatten og vere tydeleg på dette. Leiarane har ei viktig oppgåve med planlegging og gjennomføring.

Hofseth og Stordrange meiner det er viktig å vere så open som mogleg. Det gir tryggleik for den enkelte. Elles er det viktig å halde seg til dei kriteria som skal gjelde for oppseiing heile vegen, slik at tilsette opplever rettferd.

– Det er tøft uansett, men blir lettare etterpå når ein veit at ein har gjennomført prosessen på best mogleg måte, seier Stordrange.

– Ein må skape så stor tryggleik som mogleg. Ein må lytte, sjølv om det ligg føringar i regelverket på kva ein skal gjere, seier Hofseth.

– Dei har det ofte tungt. Dei har gjerne skuldkjensle, dei har mista gode kollegaer og dei har fått nye arbeidsoppgåver. Det er mykje nytt for dei som er igjen også. Og dei opplever uvisse om det vil kome eit nytt steg med nedbemanning, seier Stordrange og legg til at det er viktig å vareta og jobbe med arbeidsmiljøet for dei som er igjen.

Nedbemanning i dei store bedriftene blir gjerne kjend gjennom media. Men HMS-rådgjevarane ser at alt heng saman med alt. Nedgangstider i oljerelatert næringsliv gjer at andre bedrifter, til dømes ein bilforhandlar, må tilpasse seg eit forventa lågare sal.

Toppleiarar i store konsern har gjerne erfaring med dårlege tider tidlegare, men det er gjerne mellomleiarar som må ta den vanskelege samtalen om oppseiing.

– Det har dei gjerne ikkje gjort før, og så kjem dei i ein situasjon dei ikkje har erfaring frå. Dei er like sårbare som andre personar, seier Hofseth.

Godt budd.

Leiarane kan gjerne ha fått informasjon litt tidlegare og slik fått sjansen til å reagere før dei andre tilsette. Dei er litt meir i forkant, på godt og vondt.

HMS-rådgjevarane er med og utviklar leiarar til å stå sterkare til å gjennomføre oppgåvene sine. Det handlar om å vere godt budd. Ein må ha tenkt gjennom ulike scenario, kva ord ein skal bruke, og kva rom ein skal sitje i. Når på dag det skal skje, kan også vere viktig. Og ein må tenkje gjennom om det er rett å legge samtalen til fredag ettermiddag.Når meldinga er gitt, kan bedriftshelsetenesta tilby ein samtale.

– Enkelte kan sjå på det som krise og vi tenkjer krisebearbeiding. Nokre snakkar vi med om basalbehov, slik at dei skal få nok søvn, få i seg mat og ta vare på seg sjølv, seier Hofseth.

Det er viktig å hjelpe folk til å leve så normalt som mogleg. Ein bør ikkje snu døgnet sjølv om ein mister jobben. Og ein bør ikkje lukke seg inne.– Det er få som kan jobbe seg gjennom ei krise på eiga hand. Ein treng støtte. Vi er sosiale individ, og det er sjeldan nokon god idé å klare alt dette på eiga hand, seier Hofseth.

Dei to rådgjevarane fortel om erfarne leiarar som ikkje bur seg på krisetilstand, men på normaltilstand. Det har vore fleire unormalt bra år og at det i mange bedrifter er tilbake til slik det var før oppturen.

– Det vil alltid vere endringar og omstillingar i ei bedrift. Det er normalt og nødvendig for at ein organisasjon skal fungere, men det spesielle no er at så mange er ramma av nedbemanning samtidig, seier Stordrange.

– Ingen måte er rettare å reagere på enn andre