Ronny Løvoll var ein av få passasjerar om bord i ferja som gjekk i kaia med eit brak på Årvika-sida av Rovdefjorden.

– Ein vert skremt eit lite augeblink, og rakk å tenkje: «Kor gale går dette», då ferja kom inn mot piren, fortel han til smp.no.

Løvoll fortel at ferja hadde bra fart inn mot kaia og øydela fleire stolper på land. Ingenting om bord fekk skader etter det Løvoll fekk med seg.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Skader på propellen

Ferjeansvarleg André Inge Utåker i reiarlaget Norled stadfestar hendinga til NRK Møre og Romsdal.

Han opplyser at eit fenderpanel losna i samanstøyten og traff propellen som fekk skader.

Utåker kjenner ikkje årsaka til at ferja hadde for høg fart inn mot land.

– Det kan eg ikkje seie noko om før vi har gått igjennom dette internt, seier han til NRK.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ekstra avgangar

Ifølgje Utåker vart det sett inn ekstra avgangar på ruta mellom Larsnes og Åram inntil vidare.

Frå 11-tida var MF Høgsfjord sett inn som reserveferje mellom Årvik og Koparnes, og sambandet gjekk som normalt.

Ferja «Ølen» må truleg inn til reparasjon før den kan settjast inn i ruta på ny.

Sjå oppdatert informasjon på heimesidene til Norled (ekstern lenke)Sjå vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)

Ferjesambandet mellom Årvik i Sande og Koparnes i Vanylven var ikkje i drift etter uhellet tidleg tysdag. Det er sett opp ekstra avgangar mellom Larsnes og Åram lengre aust for å ta unna trafikken. Kart: Google Maps