I Herøy har Tverrpolitisk liste for Sunnmøre fått i overkant av 100 stemmer, ifølgje ei grovteljing. På denne lista er Marco Dimmen frå Herøy andrekandidat.

Dette er langt mindre enn Uavhengig valliste for Sunnmøre, der Bjarne Kvalsvik er førstekandidat. Kvalsvik har fått i overkant av 500 stemmer i Herøy.

Dette er meir enn Arbeidarpartiet, som skal ha fått 462 stemmer. Berre Høgre skal ha fått fleire, med i overkant av 600 røyster.

Kjell Runde, som også står på Uavhengig valliste for Sunnmøre, seier til Herøynytt at dette er ei grovteljing.

Kvalsvik seier til Herøynytt at han treng rundt 1.500 stemmer for å kome inn på fylkestinget. Ein tredel av dette har han fått i Herøy. Kjell Runde er litt meir forsiktig, og seier til Herøynytt at Kvalsvik vil trenge bortimot 2.000 stemmer.

Oppdatering: Klokka 01 var Bjarne Kvalsvik inne som einaste representant for Uavhengig valliste for Sunnmøre, med 1.466 stemmer.

Oppdatering tysdag klokka 10: Kvalsvik er med i den store gruppa som dannar fleirtal i fylkestinget, med Jon Aasen (Ap) som fylkesordførar.

- Eg har fått plass i samferdselsutvalet, seier Kvalsvik til Herøynytt. Dette utvalet blir leia av Kirsti Sørheim (Sp) frå Nordmøre.