– Det har gått snøskred ved Standalseidet i Ørsta. Ingen personar skal vere tatt av skredet, men det er ifølgje politiet ein del folk i området, melder NRK Møre og Romsdal.

Politiet fekk melding klokka 12.01.

Operasjonsleiar Arild Reite seier til smp.no at det er fokksnø som har lausna på glatt berg.

Ingen skadd

– Det har starta eit lite skred som gjekk over skiløypa. Alle er gjort rede for og ingen er skadd, seier Reite til smp.no.

Det er erfarne skifolk som har kontakta politiet, og ein skredekspert har forsikra om at alle er ute av området.

Mista skipar

– Ifølgje våre opplysningar var det snakk om to-tre mindre skred. Nokon hadde mista eit par ski, men eg er ikkje kjend med om det var personar i skredet, eller om skia var plassert der før skredet kom, seier Reite.

Operasjonsleiaren minner folk om å følgje med på snøskredvarslinga på varsom.no.