Det kjem tydeleg fram i trafikktallafor de ulike ferjerutene.

Fjord1 offentleggjorde tysdag trafikktalla foroktober og dei viser ein kraftig auke på 10,7 prosent for ferjeruta Solevågen-Festøya.Samtidig viser oversikta ein nedgang for ferjesambandet Hundeidvika-Festøya medheile 12,9 prosent.

Reiarlaget meiner utviklinga kan skuldastopninga av Kvivsvegen i slutten av september.

Gjennomsnittstala for allesambanda i månaden samanlikna med oktober i fjor, var ein auke på 4,5 prosent.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Folkestad-Volda stupar

Også Norled har opplevd endringaretter Kvivsveg-opninga, på Folkestad-Volda-sambandet.

– Nedgangen er på om lag 25prosent. Vi kan ikkje så at det kan ha andre årsaker enn Kvivsvegen, i og medat vi elles har ein moderat auke andre stader, seier Inge Andre Utåker, som er regionsjeffor ferje i Hordaland, Møre og Trøndelag i Norled.

Reiarlaget har søkt om å fåkompensasjon frå Statens vegvesen for den sviktande trafikken.

Dagensanbodsperiode går ut juni neste år. I grunnlaget til det framtidige anbodet somskal gjelde for 2013 til 2018, er krava til størrelsen på ferja senka og nattrutenefjerna.