To nye industrihallar ruver i fjøra i vesle Steinsvika, inst i Dalsfjorden i Volda. Både den gamle skofabrikken og den nedlagde skulen gjekk med for å gi plass til det største settefiskanlegget i verda som er basert på resirkulering av vatn.

– Det går bra. Den første millionen med fisk er alt levert, seier driftsleiar Dharma Rajeswaran.

Han pendlar frå Bryggja, men dei fleste av dei 14 tilsette på det nye anlegget bur i nærområdet.

I tillegg har Marine Harvest eit settefiskanlegg av den tradisjonelle typen på Dravlaus, lenger ute i fjorden. Dessutan er de to matfiskanlegg i nærleiken.

– Dette gjer Marine Harvest til ein stor arbeidsplass i området her. Laks er viktig i Dalsfjorden, seier John Ivar Sætre, som er produksjonssjef for oppdrett i Marine Harvest Region Vest.

Siste nytt

Inne i hallane i Steinsvika finn vi det siste innan moderne teknologi for lakseproduksjon. Slik som ein automatisk maskin for sortering og vaksinering.

Når dei små lakseungane er 35–40 gram vert dei køyrde gjennom anlegget, og får eit stikk som skal sikre dei mot dei fleste laksesjukdomar. På andre settefiskanlegg er dette ein jobb som krev mange hender.

– Det er fantastiske greier. Maskinen har ei marsfart på 18.000 fisk i timen, seier Jørn Gjul, som er driftsassistent i Steinsvika.

– Korleis likar du å jobbe på det nye anlegget?

– Det er både interessant og spennande. Det er det største settefiskanlegget med resirkulert vatn i verda. Det seier sitt.Det er vatn det først og fremst handlar om for den som skal vere fødselshjelpar og barnepassar for lakseungar.

Anlegget har fire avdelingar med seks kar, der dei største er 783 kubikkmeter. Vatnet vert pumpa rundt i kara, så vert det reinsa og tilsett oksygen. Så tar det ein runde til. Berre ein prosent av vassmengda vert sleppt ut og inn til ei kvar tid.

– Vi produserer ti gongar meir enn på det gamle anlegget med mindre vatn. Og utsleppa er berre ein tidel, forklarer John Ivar Sætre.

Full kontroll

Vatnet som kjem inn er berre eit par grader på denne tida av året. Laksen mister matlysta når det er så kaldt. Cluet er å varme opp vatnet til trivselstemperartur på 10–14 grader.

– Vi er i stand til å ha stabil temperatur og kvalitet på vatnet. Difor klarer vi å produsere ein større settefisk på kortare tid, forklarer John Ivar Sætre.

Dei tekniske løysingane og dimensjonane gjer at anlegget i Steinsvika er eit mønsterbruk.

– Dette er ein ny generasjon anlegg, der ein har tatt eit steg vidare. Det har vore folk frå heile verda for å sjå på anlegget. Så interessa har vore stor, seier John Ivar Sætre.

Satsing

Marine Harvest har investert 235 millionar kroner i Steinsvika. Det er også gjort investeringar for å oppgradere den konvensjonelle settfiskeanlegget på Dravlaus.

Dette gjer Dalsfjorden til storprodusent av settefisk for Region Vest. Kapasiteten på dei to anlegga er nærmare 10 millionar smolt i året.

– Det betyr at vi står for nesten halvparten av all settefiskproduksjon i Region Vest, seier John Ivar Sætre.

– Kvifor vart Steinvika vald?

– Vi hadde eit settefiskanlegg frå før her, og det var areal til å utvide. Dessutan er vasskvaliteten god, og det er viktig. Vi har også opplevd mykje positivitet i bygda rundt satsinga vår, seier John Ivar Sætre.

Les flere næringslivsnyheter på smp.nohttp://www.smp.no/naeringsliv/

<strong>Dimensjonar:</strong> Drifstassistent Jørn Gjul vert liten i dei store hallane i settefiskanlegget i Steinsvika. Foto: Svein Aam
<strong>Heimeavla:</strong> Desse smålaksane er snart klare for å bli sette ut i ei sjømerd.
<strong>Steinsvik:</strong> Marine Harvest sitt settefiskanlegg ruvar i Steinvika, inst i Dalsfjorden i Volda.