Etterforskinga av det bestialske drapet på Sami Milhem i Hareid i fjor er ferdig. Politiet har no skjerpa siktinga mot den 23 år gamle mannen som er sikta for drapet.

– Mannen har til no vore sikta for forsettleg drap, men siktinga er no utvida til overlagt drap og likskjending, seier politiadvokat Julie Ulstein i ei pressemelding frå Sunnmøre politidistrikt onsdag.

Saka vert no sendt over til statsadvokatane som skal ta endeleg stilling til kva for tiltale som skal takast ut mot mannen.

Den sikta har tidlegare erkjent å stå bak drapet, og sagt i avhøyr at han har eit stort behov for å fortelje bakgrunnen for handlingane sine. 23-åringen godtok i desember vidare varetektsfengsling fram til 20. februar 2015.

Liket av det 20 år gamle drapsofferet vart funnen ille tilredt i ein bustad på Bigset i Hareid 8. august. Han vart drepen med ein kniv, og politiet meiner å ha funne drapsvåpenet i ein konteiner på Valderøya.