Melshorn Hotell i Hareid er eit akuttmottak, noko som betyr at asylsøkjarane ikkje har rett til kontantutbetalingar.

- Vi fekk ein epost frå UDI der det sto at dei vaksne skulle ha 500 kroner, medan dei under 18 fekk utbetalt 400 kroner. Eg gjekk i banken og tok ut pengar slik dei hadde det til jul, seier hotelleigar og drivar av mottaket, Linda Haddal Røssevoll.

Rørt av omtanken

Asylsøkjarane eig lite sjølv, men ville helst bruke pengane på andre.

– Då dei fekk pengane gjekk dei rett på butikken og kom tilbake med kvite roser som dei ville gi til oss som arbeider på hotellet. Dei delte også ut roser til folk frå lokalsamfunnet som var på mottaket for å donere klede, leiker og andre julegåver. Etter det ville dei gå til rådhuset for å gi roser til ordføraren for å vise kor takknemlege dei var for mottakinga dei har fått, men han hadde gått heim for dagen. Vi har difor organisert det slik at han kjem på besøk i dag, fortel hotelleigar og drivar Linda Haddal Røssevoll.

Ho vart rørt over kor takksame bebuarane ved mottaket er og korleis dei ville setje pris på mottakinga dei har fått.

– Det var ein skikkeleg overraskelse for meg då dei kom med roser. Dei sa dei følte seg velkommen og var glade for at dei fekk vere på ein mindre plass. Før dei kom hit hadde dei vore plassert på eit av dei aller største mottaka, fortel ho.

Julefeiring for bebuarane

Julefeiringa på mottaket er eit arrangement alle bebuarane, og mange av dei er kristne.

– Eg har hengt opp informasjon om tidspunkta for når gudstenestene i kyrkja er. Etter middag blir det utdeling av julegåver. Vi har fått leiker, klede og andre julegåver frå gåvmilde folk i lokalsamfunnet, seier Haddal Røssevoll.

Dei fleste av bebuarane er vaksne, men det er fire gutar på mellom 4 og 7 år og to jenter på 13 og 14 år.

– Ein av bebuarane melde seg frivillig til å vere julenisse. Eg skaffa ei julenissedrakt, og han gjekk rett opp på rommet for å prøve den ut. Då han kom ned viste han begge tomlane og gleda seg til å dele ut julegåver, fortel ho.