Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane er i ferd med å opne for sal av Fjord1, melder avisa Firda.

Både sal av Fjord1-aksjene og sal av Sogn og Fjordane Energiverk skal vere mellom tiltaka som vert vurdert for å skaffe kroner i den slunkne kassa til fylkeskommunen.

Ifølgje avisa hadde fylkesrådmann Tore Eriksen lagt inn desse tiltaka i eit arbeidsnotat for finansutvalet onsdag.

Møtet vart lukka for offentlegheita og politikarane diskuterte difor saka bak lukka dører. Også delar av notatet skal vere unnateke offentlegheita.

Ingen av politikarane Firda har vore i kontakt med, vil uttale seg om kva for tilrådingar fylkesrådmannen kom med. Avisa meiner likevel å vite at stemninga er negativ til sal av kraftaksjar, men at politikarane er på gli mot Fjord1-sal.

Fylkeskommunen har ei skyhøg gjeld på meir enn to milliardar kroner, og må kutte i drifta. Samstundes vurderer ein altså å realisere verdiar for å få bukt med den pressa økonomiske situasjonen.