Mandag skal drapsofferet obduserast ved Ålesund sjukehus.

Det er den erfarne rettsmedisinaren, professor Inge Morild ved Gades Insitututt som skal gjennomføre obduksjonen assistert av ein annen rettsmedisinar frå same insitutt.

Politiet håpnar at mandagen skal gje svar på svært mange av dei spørsmåla som framleis står ubesvarte etter tre dagar med intens etterforsking.

- Vi reknar med at kriminalteknikarane vert ferdige med det tidkrevjande arbeidet på åstaden i løpet mandagen. Oppslysningane derifrå, saman med konklusjonar frå obduksjonen og avhøyra av den sikta vil truleg gi oss eit mykje klarare bilde av saka, sier fungerande politimeister Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politiet har søndag frigjeve namnet på den unge mannen som vart drepen på Bigset i Hareid fredag. Det skjer etter at han er identifisert. Han vart identifisert ved hjelp av fingeravtrykk.

Namnet på offeret er Sami Milhem, 20 år. Han var ein norsk statsborgar, opphavleg frå Irak.

Dette vart gjort offentleg under ein pressekonferanse i Ulsteinvik søndag ettermiddag.

Politiet har ikkje fått klarheit i motivet for drapet.

Politiet har heller ikkje fått svar på analysen av blodprøven som vil kunne gje svar på om den sikta var rusa. Den sikta er søndag ettermiddag i avhøyr.

23-åringen som er sikta for drapet sit søndag ettermiddag i avhøyr på politihuset i Ålesund. Det er politibetjent Katrine Thomassen som leiar avhøyra - ho er ein av politidistriktets avhøyrsspesialistar. Saman med deg har den sikta forsvararen sin, avdokat Erling Flisnes. Desse tre må rekne med å bruke mykje tid saman dei næraste dagane.

Politiet arbeider framleis på åstaden, og kan ikkje seie kva som er drapsvåpenet.

Etterforskinga vil halde fram med same styrke.

Politiet vil ikkje seie noko om kva den 23 år gamle mannen har forklart så langt, men fungerande politimeister Ingar Bøen stadfestar overfor smp.no at siktelsen på forsettleg drap førebels ikkje er endra.

23-åringen vert  mandag foremiddag framstilt i Sunnmøre tingrett med krav om vartektsfengsling.

- Politiet vtil førebels kreve varetektsfengsling i fire veker med brev og besøkskontroll, opplyser Bøen.

Sami Mihem er mannen som vart drepen på Bigset i Hareid fredag. Foto: Frigjeve av familien til bruk av media.