Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) står fram som sigerherren etter det rådgjevande folkeavstemmingane i Ørsta og Volda.

– Eg har hatt ein god følelse heile vegen, seier Stein Aam

Nei-sida fekk 61,9 prosent oppslutnad i Ørsta, og det er eit resultat ordføraren er svært nøgd med. Oppmøtet var på knappe 50 prosent.

– Vi har fått eit klart mandat til å halde fram som kommune åleine, seier Stein Aam.

I Volda gjorde nei-sida eit valskred, med ein oppslutnad på nesten 70 prosent.

– Eg er ikkje overraska over resultatet i Ørsta, men det er eg når det gjeld Volda. Eg er på grensa til å vere sjokkert, seier Stein Aam.

Ja-sida i Ørsta tar nederlaget med fatning.

– Eg må vedgå at eg er skuffa, men er ikkje overraska. Det er inga katastrofe om Ørsta går vidare som eiga kommune, men det vert tyngre, mellom anna med tap av inntekter, seier leiar i Ørsta Høgre Rune Hovde.

Han var ordførar i Ørsta i førre periode, og jobba tett saman med dåverande Volda-ordførar Arild Iversen for samanslåing. Så vart Stein Aam ordførar, og vinden bles andre vegen.

– Det som no blir spennande er kva Volda gjer, om det slår seg saman med Hornindal og Stryn. Dersom dei også slår seg saman med Stryn blir det ei utfordring for samarbeidet mellom Ørsta og Volda, seier Per Are Sørheim, som er gruppeleiar for Ørsta Høgre, og medlem i forhandlingsvalet om kommunesamanslåing.

Varaordførar Karen Høydal (Ap) seier at ho enda på ja-standpunkt i løpet av forhandlingane om intensjonsavtale.

– Det beste vi kunne håpe på var noko som låg nært 50-50. Men eg tar det sakleg og ønskjer å jobbe vidare saman med Volda, seier Karen Høydal.

Også ordførar Stein Aam meiner samarbeidet med Volda kommune, mellom anna om ei rekkje kommunale tenester, vil halde fram.

– Men kva om Volda slår seg saman med Hornindal og Stryn?

– At Volda slår seg saman med Hornindal er berre positivt, sidan det utfordrar grensa til helseføretaka, men eg tvilar på om dei får med seg Stryn, seier Stein Aam.