Den omkomne etter drapet på Bigset i Hareid er identifisert. Det fortalde politiet på eit informasjonsmøte på Bigset skule laurdag kveld, skriv Vikebladet.no. Politiet har ikkje frigitt namnet på den omkomne.

Samlinga var for bebuarane på Bigset. Det var krise- og omsorgsgruppa i kommunen som inviterte, i samarbeid med politiet.

Bøen og lensmann Odd Kulø fekk spørsmål om drapet var relatert til eit narkotikamiljø, det avviste dei langt på veg. Bøen sa også at det går mange rykte på sosiale media som ikkje stemmer.

– Vi har ei oppfatning av at vi har tatt rett mann, sa fungerande politimeister Ingar Bøen.