Knut Arne Høyvik, som bur på Haddal i Ulstein, har vore fiskeskipper i ei årrekke.

Han seier han er litt opprørt over tanken på at redningsskøyta kan bli flytta frå Fosnavåg til Ulsteinvik.

– Ideelt skulle den ligge på Runde, men der blir det vel litt vanskeleg med hamneforholda. Å legge den i Ulsteinvik er i alle fall heilt feil, seier Høyvik.

For det er éin ting som tel for ei redningsskøyte.

– Tid er viktigaste parameter i sjøredning.

Tre viktige fiskeri ved Runde

Og utanfor Runde er det tre viktige fiskeri, etter torsk, sei og sild, seier han.

Når det er sagt, er Høyvik ikkje sein med å rose den nye redningsbåten.

– Den er eit stort framsteg, med stor fart. Og Fosnavåg er den opplagde plasseringa. Det er sunn fornuft. Det er klart den må ligge der.

– Kva med bustad til mannskapet i Fosnavåg?

– Inntil vidare får Herøy eventuelt få dei inn på Thon hotell, seier Høyvik.

Goksøyr: Så fort som  muleg

Tysdag ettermiddag var saka oppe i Herøy formannskap. Etter møtet seier ordførar Arnulf Goksøyr at det er viktig for Herøy å få til ting både på kort sikt og på  lang sikt.

– Utgangspunkt er å finne noko så fort som det er praktisk muleg å få det til, seier Goksøyr.