Mannen i 30-åra som er sikta for lekamsskade, etter at tre menn vart knivstukke i ein brakkerigg ved Myklebust verft i Gursken laurdag kveld, vart i ettermiddag framstilt for varetektsfengsling.

Politiadvokat Hilde Haugen opplyser at mannen blir varetektsfengsla i fire veker og at han godtok dette. To av vekene er i isolasjon.

Forsvareren: – Knivsiktet har det fryktelig tungtLes også: Ein mann sikta i saka

Lensmann Odd Kulø, som etterforskar saka, seier politiet i starten frykta eit dødsfall, etter at dei laurdag fekk det han kallar ei ganske tøff melding.

– Det såg stygt ut, og det var også kritisk, etter det vi forstod, seier Kulø, som uttrykker glede over at mannen vart redda av legane.

Tolk

Behovet for tolk gjer at etterforskinga tar tid.

– Vi held fram med den taktiske etterforskinga, det vil seie avhøyr av vitne som var på brakkeriggen laurdag kveld. Det er i seg sjølv ei utfordring, for vi må jo ha tolk. Og så mykje tolking som vi har behov for gjer at dette tar tid, seier Kulø.

Arbeidskollegaer vitne til knivdrama - to alvorleg skadd

Den tekniske etterforskinga er heller ikkje ferdig. Sjølv om ein person har innrømma forholdet, står det att mykje arbeid.

– Det er viktig å underbygge bevisa også teknisk, for å ha eit godt grunnlag uavhengig av tilståinga, seier Kulø.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Forsvarar Guri Falck Kristensen er førbels tilbakehalden med å seie kva mannen har forklart om saka. Ho vil ikkje svare på om kva som er motiv eller bakgrunn for den dramatiske hendinga, eller om mannen erkjenner det han er sikta for.

– Men nektar han befatning med saka?

– Nei, det gjer han ikkje, seier Kristensen til smp.no.