– For Kystvegen og Rovdefjorbrua sin del, var det veldig viktig at E39-traseen vart lagt i indre Nordfjord. Det gjer at vi unngår at det skal gå ein parallell stamveg gjennom Stigedalen. No får vi to vegar som utfyller kvarandre i indre og ved kysten, seier styreleiar Magne Løvoll i Rovdefjordbrua AS.

Unaturleg med midtre

Magne Løvoll er styreleiar i Rovdefjordbrua AS. Foto: Knut Arne Aarset

Måndag kveld offentleggjorde regjeringa at E39 skal leggast i indre linje (gjennom Kvivsvegen og Stryn), i staden for midtre linje (gjennom Stigedalen og Eid).

– For meg var det heilt klart at når den flotte vegen Kvivsvegen allereie er bygd, så ville det vore unaturleg å legge E39 i midtre linje, seier Løvoll.

I ein god stim

Dette er ikkje den første gode nyheita Rovdefjordbrua har fått i det siste.

– Nei, vi er inne i ein god stim no, med mange gode nyheiter på kort tid, seier Løvoll.

Linjevalet i Nordfjord er med andre ord den fjerde gode nyheita for Rovdefjordbrua den siste tida.

Meir samde om Kystvegen enn E39

– Det som er så flott med Kystvegen, er at vi er heilt samde om kvar vegen skal gå. Det har ikkje vore noko usemje om linjeval.

– Det kan du seie.

For Rovdefjordbrua sin del er også kommunedelplanane på begge sider av fjorden ferdige og klare for bru.

Det er fleire alternative måtar å bygge brua på. Både rørbru som går delvis under vatn og flytebru er aktuelt, seier Løvoll.

– Kor sikker er du på at Rovdefjordbrua blir realisert, i prosent?

– Personleg er eg heilt sikker på det.

– Så 100 prosent?

– Ja, seier Løvoll.