Som Sunnmørsposten skriv fredag, kravde styreleiar i Sunnmørsbadet, Arnulf Goksøyr, at kommunestyret lukka møtet under deler av orienteringa om Sunnmørsbadet torsdag. I det opne møtet la han ikkje skjul på at ein har bomma på kostnadene i utbygginga, men kva summar det er snakk om, blei ikkje opplyst før møtet blei lukka.

Etter møtet er Sunnmørsposten blitt kjend med at overskridingane handlar om mellom 30 og 40 millionar kroner. Utbygginga er tidlegare kostnadsrekna til 180 millionar kroner, pluss meirverdiavgift.

Hadde teieplikt

Vi konfronterer Arnulf Goksøyr med opplysningane, og spør om dei stemmer.

- Det er ikkje så langt unna, vedgår han.

-Du trudde vel ikkje at det gjekk an å halde dette hemmeleg, når kommunestyret med rundt 30 personar er til stades i møtet?

-Det er 30 personar med teieplikt. Men det er ikkje summen på overskridinga som er noko stort problem å snakke ope om. Den er vi ikkje ute etter å halde hemmeleg, seier Goksøyr og vel å opplyse summen også til Sunnmørsposten, dagen etter det lukka møtet.

Millionsprekk

Slik det ligg an no, reknar selskapet ifølgje Goksøyr med at det blir ekstrautgifter for 33 millionar kroner.

- Men det er muleg at det dukkar opp nye overskridingar, så vi vil finansiere opp ytterlegare, seier Goksøyr.

Herøy kommune eig 71 prosent av aksjane i Sunnmørsbadet AS.

Selskapet vil no søkje Herøy Næringsforum om ytterlegare 30 millionar kroner for å finansiere dei auka kostnadene til badeanlegget. Dessutan vil ein søkje kommunen om auka lånegaranti. Her har ein 35 millionar i dag, men ein vil be om å få auka opp garantien til 45 millionar for å sleppe å gå fleire gonger til kommunestyret. Det blir også jobba med andre finansieringsmåtar enn lån, men dette vil ikkje Goksøyr gå ut med no.

Opnar i februar

Sunnmørsbadet i Fosnavåg skal opne 15. februar neste år, fleire månader forseinka. Kommunestyret var på synfaring i anlegget torsdag, og ingen er i tvil om at Herøy får eit flott badeland, med fleire basseng, vassklier, bølgjeanlegg, elvestraum og jacuzzi.

Det er fleire forklaringar på overskridingane, men prosjektleiinga er no styrka for å halde betre kontroll på kostnadene.