I forkant av møtet hadde særleg fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) gått høgt på banen og forlanga ei tredje ferje på plass i sambandet Hareid-Sulesund umiddelbart.

Norled: – Dette er urimeleg

Problema i sambandet har berre bygd seg meir og meir opp, med stadig attståande bilar og problemferja «Ullensvang» stadig ute av drift og ute av rute. Siste større utspelet kom nyleg frå fylkesordførar Jon Aasen (Ap) som tordna mot reiarlaget for ikkje å ta problema på alvor.

Kaldt.

Til møtet i fylkesutvalet måndag var det stilt høge forventningar til løysing, både frå politikarane sjølve og ikkje minst frå dei reisande i det aktuelle sambandet.

Men fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik måtte raskt slå kaldt sjøvatn i blodårane til løysingsivrige politikarar:

– Vi har ikkje kome i mål med forhandlingane med Norled. Difor er heller ikkje dette møtet vedtaksført når det gjeld kravet om umiddelbar løysinga på saka, sa Guttelvik.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Og heldt fram med det verste: – Reiarlaget har varsla at dei treng tre månader på seg til å skaffe mannskap til å bemanne den tredje ferja.

August.

Dermed vil ikkje ei ekstra ferje i det stadig meir trafikkerte sambandet vere på plass før første august, vel å merke dersom tingingane om kontrakten er på plass innan første mai i år.

Desse opplysningane fekk begeret til å flyte over for både Frank Sve og Gunn Berit Gjerde, i tur og orden.

– Viss ikkje Norled er i stand til å skaffe ei ekstra ferje på plass på under tre månader, når dei har hatt så lang tid på seg - ja då får vi berre ringje til Fjord1 og be dei skaffe ferja i staden, tordna Sve.

Norled: – Dette er urimeleg

Sve viste til at på sine åtte år som ordførar i Stranda, så tok det som regel mindre enn ein halv dag for Fjord1 å stille med ferje når det hadde gått ras og liknande.

– Dette finn eg meg ikkje i lenger. Eg har ikkje lyst å ta denne ferja lenger, og ned i salongen for å få kjeft går eg ikkje lenger, varsla Gunn Berit Gjerde.

<strong>Reserveferja:</strong> Norled har tilbode at det er deira reserveferje på Sunnmøre, «Høgsfjord», som i første omgang skal gå inn som den tredje ferja i sambandet Hareid-Sulesund. Men fullt nytt mannskap må skaffast til ei «seilande reserveferje», viss ikkje står både reiarlaget og passasjerane på nytt landtroll når det oppstår svikt i ferjer i dei andre sambanda. Foto: Knut Arne Aarset