Frå og med i dag, 24. august er det tre ferjer på sambandet Hareid - Sulesund: Etter at eit samrøystes fylkesutval i mai i år gjekk inn for å styrke ferjetilbodet på sambandet, er det som tidlegare var Norled si reserveferje - MF «Høgsfjord», oppgradert til seglande reserveferje.

- Dette betyr at ferja kan bli sett inn for andre ferjer ved behov, sjølv om den altså går i c-ruta på Hareid - Sulesund. Slik vil det vere fram til MF «Sand» er på plass som ny ferje på Årvika - Koparneset i vinter. Då går vi tilbake til reserveferje som ligg i ro, og medan «Høgsfjord» då blir fast på Hareid - Sulesund, blir ferja som er inne nett på sambandet Årvik - Koparnes no - MF «Ølen», ny reserveferje, fortel ferjesjef Inge André Utåker i Norled til Smp.no.

Les også: Norled-eier taper penger

Les også: Styrkar ferjetilbodet på Hareid - Sulesund

- Vi er særs nøgd med ordninga. Både med tanke på dei mange reisande på Hareid - Sulesund som no både kan sjå fram til fleire avgangar og auka kapasitet, men også fordi dette er god utnytting av kapital.

- Så får vi håpe folk hugser kva som ligg i avtalen som er inngått med fylket og ikkje gir oss skulda, når «Høgsfjord» må inn for andre ferjer. Dette vil skje, til dømes alt ein kort periode kommande helg, når MF «Ullensvang» må ut nokre dagar for å få skifta ein clutch, seier Utåker.

MF «Høgsfjord» er bygt i 1992 og har kapasitet til 76 bilar. Før den vart tatt i bruk på våre kantar gjekk den fleire år både i Rogaland og Hordaland. I heile fjor var den i bruk på sambandet Volda - Laustad.