Vestnes kommune står føre kraftige kutt i drifta.

Utgangspunkt for driftsutgiftene for 2015 var eit inntektsanslag for rammeoverføringane på ca 162 mill kroner.

- Då statsbudsjettet vart lagt fram var rammeoverføringane til Vestnes redusert til ca 142 mill kroner; altså ca 20 mill lågare enn forventa. Når ein så tek omsyn til at forventa løns- og prisvekst for 2015 er noko lågare enn tidlegare forutsett, er den økonomiske utfordringa for Vestnes kommune ca 17 mill kroner, opplyser administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune.

Reduksjonar i drifta må i hovudsak takast ved reduksjon av stillingar.

Vekk med Tresfjord skule

Talet på årsverk som skal reduserast er ikkje knytta berre til Tresfjord skule, men generelt meiner no administrasjonssjefen at kommunen har nådd ei grense for generelle reduksjonar i grunnskuledrifta.

- Det må gjerast strukturendringar. Tida er koma for å måtte flytte elevane frå Tresfjord Oppvekstsenter over til Helland skule. Dette er det einaste tiltaket som kan gjennomførast i 2015 utan å opprette nye klassar eller gjennomføre påbyggingar, meiner Roaldsnes.

- Dette er eit økonomisk gunstig tiltak, og det er fagleg forsvarleg, skriv ho i saksframlegget til formannskapet.

Elevtalet i Tresfjord vil frå skulestart hausten 2015 vere nede i 37 elevar.

Tresfjord skule vart teken i bruk i januar 2004, og er den mest moderne skulen i kommunen.

- Bygningane til Tresfjord Oppvekstsenter er av dei beste vi har. Det vil difor vere samfunnsøkonomisk uklokt ikkje å nytte dei.

Kulturskule

Administrasjonssjefen føreslår difor å flytte Vestnes kulturskule til Tresfjord. I tillegg til dette bør bygningane nyttast til barnehagedrift, meiner ho.

Sjukeheim

Roaldsnes foreslår og å stenge kortidsavdelinga ved Vestnes sjukeheim og redusere bemanninga med 6,7 årsverk.

- Det å stenge den nyaste avdelinga med korttidsplassar er eit uheldig tiltak. Det er likevel det som gir best økonomisk uttelling og som raskast kan gjennomførast, skriv Tone Roaldsnes i saksframlegget til formannskapet.

Administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune