Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten torsdag

Det kom fram då samferdselsutvalet i Møre og Romsdal var på turtil Herøy.

Nerlandsøybrua har ei levetid på fem år medanfor Remøybrua er domen på sju års levetid.

Følgsmp.no på Facebook

Rustangrep

Etter desse åra vil det bli redusertakseltrykk til ti tonn på bruene. Noko som betyr at reinhaldsverket vil fåvanskar med å få ut store bilar og transport av varer vil verte svært vanskeleg.

Ivar Hol i Vegvesenet fortel at årsaka til atNerlandsøybrua og Remøybrua nærast er kondemnerte er rustangrep påhovudarmeringa.

Kom som eit sjokk

Meldinga om slutten for Nerlandsøybrua ogRemøybrua kom som ei bombe på ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy.

– Vi kan ikkje setje heile Nerlandsøya, Remøyaog Runde i trangsteg på denne måten. seier Goksøyr

No vil han i samarbeid med fylkeskommunen komeraskt i veg for å finne ei framtidig løysing for dei to bruene.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Har ikkje pengar

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier at 400millionar kroner til å byggje to nye bruer i Herøy, er pengar somfylkeskommunen ikkje har.

– Einaste veg ut av uføret som eg klarer å sjåi dag,, er at fylkeskommunen går i forhandlingar med staten for å få pengar tilå byggje nye bruer, seier han.

Les kva dette betyr for næringsdrivande i øysamfunna i papirutgåva av Sunnmørsposten torsdag