Tilstanden for ein ung gut som blei brakt til sjukehus etter ei badeulukke i Volda er framleis kritisk. Det opplyser sjukehuset ved 8.30-tida tysdag morgon. Guten er til behandling for svært alvorlege skader ved intensivavdelinga på sjukehuset.

Guten blei like etter klokka 19.30 brakt opp frå Rotevatnet ved den populære badeplassen Årneset i Volda måndag kveld, og brakt med luftambulanse til sjukehus.

Familien til guten har status som flyktningar, stadfestar politiet til smp.no.

Dykka ned fleire gonger

Politiet gjekk tysdag ut med ein pressemelding om saka der dei opplyser at guten blei funnen etter fleire minutt på sju meters djupne.

Etter det politiet kjenner til så langt, var 14-åringen på badeplassen med sin yngre bror då han ville forsøke å ta seg ut til ei flåte ute på vatnet. Under symjeturen ut til flåten skal han ha fått vanskar og gått under, opplyser politiet.

Nokre ungdomar som var på staden har forklart at dei forsøkte å hjelpe guten, og få han opp frå vatnet.

– Ei jente dykka fleire gongar ned for å få han oppatt, utan å lukkast, seier fungerande lensmann Grete Hjelle i Volda og Ørsta i pressemeldinga.

Til sjukehus En unge guten blei brakt til sjukehus med helikopter. Foto: Heidi Fagna

Får krisehjelp

Ungdomane  som vart involverte i den dramatiske hendinga, har no i morgontimane møte med den kommunale krisegruppa i Volda kommune og politiet.

– Frå politiet si side vert saka no etterforska på vanleg rutinemessig måte, seier lensmann Grete Hjelle.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no