Knutekurs

– Eg fekk sjekka ut at mannen var i stand til å stå nokre minuttar til. Deretter måtte eg bestemme om det var han eller eg om skulle opp frå hylla i det tronge gjølet først.

– Eg fann ut det måtte vere eg sjølv, berre på den måten kunne eg syne direkte korleis ein burde setje føtene og finne tak, fortel Storeide til Sunnmørsposten.

Valet var ikkje lett, og rundt dei to var det bortimot stummande mørke. Lyktene var av og til mest eigna til å bli blenda - og misse nattsynet av. Det avgjerande vart likevel dette:

– Eg måtte gje mannen eit lynkurs i knyting, på eit slags engelsk, så han kunne feste tauet rundt livet på ein sikker måte. Eg gjekk ikkje opp før eg hadde forvissa meg om at mannen faktisk kunne knyte sitt livs viktigaste sikringsstikk på eit tau, smiler Daniel Storeide i etterkant.

Roleg

Her var det ikkje tid og stad til å tenkje vanskelege tankar eller bli nervøs.

– Sjølv kjende eg meg heile tida nokså roleg. Eg har vore svært mykje i fjellet før, både med og utan tau. Eg gjorde aldri noko eg følte vi ikkje hadde rimeleg kontroll på, seier Storeide søndag kveld.

Kommunikasjonen redningsmennene imellom gjekk svært fint, dei hadde lånt med seg eit sett jaktradioar før dei drog nedanfrå. Via desse hadde dei også direkte kommunikasjon ned att.

– Dermed hadde vi også den nødvendige presisjonskontakten under sjølve bergingsoperasjonen, konstaterer Storeide.

Straks han gav signal, vart han sikra opp på trygg grunn av Per Kato Trandal og Frode Heggen. Og straks dei hadde fått testa at det var hald i taufestet til tyskaren, vart også han hala og lirka opp til dei andre. Temmeleg medteken, og med vatn som sitt første ønskje til redningsmennene sine.

Seint

Per Kato Trandal fortel at kompisar i reisefølgjet til tyskaren skal ha lokalisert han på fjellhylla alt i 18-tida, men at alvoret gjekk opp for dei slik at det vart slått alarm først nærare klokka halv ni om kvelden. Då var det alt i ferd med å skymast og tida var svært dyrebar.

– Vi var tidleg i kontakt med politiet, som ikkje hadde redningshelikopter eller klatrarar å sende på kanskje fleire timar.

– Vi visste at tyskaren hadde stått bom fast i fleire timar alt, og såg inga anna løysing enn å prøve berge livet hans, seier Per Kato Trandal.

Største problemet var å lokalisere mannen då dei kom opp i høgda. Også her var det lettføtte og lokalkjende Daniel Storeide som gjorde ein ekstraordinær innsats. Han visste at tyskaren skulle ha ei lykt til å gje signal med, men han måtte heilt opp under toppen på Trandalhatten (909 m. – også kalla Saudehornet), før han fekk overhøgd nok til å sjå dei svake glimta frå lykta nede i gjølet.

– Men då visste eg også nøyaktig kvar han stod, og via radioen kunne vi no rette alt fokus inn mot å nå han i tide, seier Storeide.

Han fira seg først til terrenget nedom den skorfaste, der denne hadde gått opp. Men der var det heilt uråd å ta seg ned att. Dermed måtte han rundt og ta seg inn i fjellhylla sidevegen. Resten er altså ei redningsbragd av høgt merke.

– Grunna omstenda måtte vi ta det heilt med ro. Vi kom ikkje ned til bygds att før i to–tre tida utpå natta, fortel Per Kato Trandal.

Politiet hadde bedd karane om å syne stor varsemd. Ingen i klatre- og redningsmiljøet visste om aksjonen fleire av desse vart opptekne med leite- og bergingsaksjonar andre stader.

– Einaste måten

– Vi gjorde dette på einaste måten vi kunne, varsemd eller ikkje. Og vi brukte det einaste tauet vi hadde for handa, og som vi vurderte som sterkt nok–klatretau eller ikkje. Det får våge seg, seier Daniel Storeide bestemt.

Karane hadde ikkje tilgang på korkje autorisert klatretau, selar eller anna utstyr på kort varsel. Då Sunnmørsposten søndag ettermiddag prøvde å finne ut kven i Sunnmøre alpine redningsgruppe som kunne ha vore med på aksjonen, var det ingen der som kjende til noko–anna enn via nettsaker frå politiloggen. Der vart dei tre redningsmennene omtala som «lokale klatrarar». Her har politiet sine ord i behald. Det hadde dei også hatt om dei hadde brukt orda «lokale friklatrarar». Eller berre lokale heltar. Kvardagsheltar. For det er det ein snakkar om i eit tilfelle som dette, er det ikkje?

– Eg er svært, svært takksam for hjelpa! seier Armin Reuteri søndag kveld. Som fisketurist hadde han heldigvis ei viss snøring på knyting av tau.

Dei to fråflytte gardsbruka på Nes, og med Trandalhatten i profil over. Redningsaksjonen var i gjølet midt på bilde, like under himmelsjå.
Tyskeren Armin Reuteri er på fiskeferie her ved idylliske Trandal Fjordhytter t.v. i lag med ni andre tyske menn. Her starta turen.