– Eg hadde eigentleg ikkje lyst. Det var så skummelt, og eg var så usikker. Etter at eg gjekk vidare første og andre gongen vurderte eg å trekkje meg, fortel Stine Hole Ulla.

Men mora overtalte henne, og det er ho glad for i dag.

Se lunsjkonsert direkte fra St. Olavs plass

– Trivst godt saman. Etter konkurransen gav Stine i fjor ut juleplata «Verden blir kvit». I år er det juleturné saman med ein annan tidlegare vinnar av Norske Talenter som står på timeplanen.

– Eg såg Erlend (Bratland journ. amn.) på God Kveld Norge og tenkte han var perfekt til å reise på juleturné med, forklarar Stine.

Heldigvis tenkte bookingselskapet hennar det same, og ikkje lenge etter var det heile i boks.

– Han er herleg og dyktig og vi trivst godt saman, seier Stine, som for det meste er vand med å opptre åleine.

– Det kan bli litt einsamt til tider, så det er kjekt å no ha nokon saman med seg.

Turné etter turné. Stine og Erlend skal saman halde ni julekonsertar på Austlandet og Vestlandet gjennom adventstida. Mellom anna kjem dei til Nedstryn kyrkje, Borgund kyrkje og Nordfjordhallen i midten av desember. Dei byr på både kjende og mindre kjende julesongar, både på norsk, engelsk og italiensk.

Etterpå tek Stine sin eigen vesle turné vidare på nordvestlandet, før det heile blir avslutta i Elverum saman med Veterankorpset og Åge Sten Nilsen 2. juledag.

– Eg er førebudd på mange konsertar, og eg er jo så glad i å synge julesongar, så det går veldig bra. Kvile kan eg gjere i januar, seier Stine.

Første jul i Oslo. På grunn av den siste konserten blir sjølve julefeiringa litt annleis enn den brukar å vere.

– For første gong skal eg feire jul i Oslo, sidan det ikkje går fly 1. og 2. juledag. Det blir feiring med tanta mi, og både broren min og mamma og pappa kjem, så eg blir ikkje sitjande åleine, forsikrar Stine.

Etter konserten blir det tilbake til Sykkylven for litt avslapping, før arbeid med ny plate ventar i januar.

– Det blir ei heilårsplate. Ein kan ikkje berre gi ut julesongar, ein må variere litt, seier Stine.