Innvandringsminister Sylvi Listhaug og landbruksminister Jon Georg Dale er måndag på besøk i Ørsta. Med på besøket er også Pål Farstad, stortingsrepresentant for Venstre på Mørebenken.

Styret i Statens lånekasse vedtok i fjor at kontora i Ørsta og Tromsø skulle leggast ned. Farstad fortel i ei pressemelding at han har arbeidd intenst både på Stortinget og opp mot regjeringa. Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta bad i eit skriftleg spørsmål om ei politisk avklaring frå kunnskapsminister Røe Isaken.

– Dette er gledeleg og viktig – for studentane som får behalde kompetansen som finst hos dei tilsette, for dei tilsette som arbeider der og for heile søre Sunnmøre, seier Farstad.

Nedbemannar mest i Oslo

Kunnskapsdepartementet har samtidig bestemt at Lånekassa reduserer frå seks til fire kontor. Det er kontora i Tromsø og Bergen, begge med rundt 20 årsverk kvar, som blir avvikla.

Den største enkeltvise nedbemanninga vil skje i Oslo med om lag 30-35 årsverk, opplyser kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Statens lånekasse i Stavanger, Ørsta og Trondheim blir verande. I dag er det om lag 20 årsverk i Ørsta og Stavanger og om lag 50 i Trondheim.

– Ei rekke tenester er blitt digitalisert og automatisert. Det fører til at Lånekassa ikkje treng så mange medarbeidarar som før for å behandle sakene, forklarer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

– Distriktspolitikk

– For å sikre solide fagmiljø for manuell saksbehandling, er det behov for å samle ressursane på færre stader. Lånekassa får ein slankare organisasjon, samtidig som vi ivaretar viktige distriktspolitiske omsyn, seier Røe Isaksen.

Røe Isaksen understrekar at alle som blir berørt av nedbemanninga i Tromsø og Bergen skal få tilbod om jobb i Trondheim, Stavanger eller Ørsta.

– Vedtaket er eit signal om at regjeringa både effektiviserer og tar distriktspolitiske omsyn, seier Elisabeth Røbekk Nørve, stortingsrepresentant for Høgre på Mørebenken, i ei pressemelding.