Bjarte Myklebust og kona Sissel rømde garden på Myklebust på Vartdal fredag kveld.

- Det buldra og braka noko forferdeleg oppe i fjellet, så vi køyrde til hytta for å søke ly, fortel Bjarte Myklebust til smp.no.

Rett etter gjekk eit stort jordras som traff nabohuset på garden. Ingen personer blei skadde.

- Det er heilt forfereleg, seier Myklebust som sjølv blei råka av jordras for to år sidan.

Det har og gått eit større jordras i Årsetdalen.

Jordras ved Myklebust i Ørsta kommune. Foto: Svein Aam