Politiinspektør Ingar Bøen kravde fire veker i varetekt med brev- og besøksforbod.

Forsvararen til 23-åringen - advokat Erling Flisnes - gjorde det då klart at klinenten hans samtykker i varetektsfengsling.

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset som administrerte det korte møtet i tingretten mandag føremiddag, avsa mandag ettermiddag kjennelse for fengsling i fire veker med brev- og besøksforbod. Den sikta får heller ikkje tilgang til til media i denne perioden.

Den sikta vart søndag ettermiddag avhøyrd på Ålesund politistasjon, men politiet vil ikkje fortelje noko om kva som har kome fram i avhøyra så langt.

Advokat Flisnes ville i samband med fengslingsmøtet ikkje seier noko om kva som hadde kom fram i avhøyra.

- Vi vil at han skal først skal forklare seg heilt fritt før vi konfronterer han med kva opplysingar vi har skaffa gjennom etterforskninga, seier politiinspektør Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet vil be om å få oppnemnt to psykiatrisk sakkunnige for å få gjennomført ein observasjon av 23-åringen.

Politiet har tillyst ein pressebrief klokka 13 der dei vil informere om status i etterforskninga av drapssaka på Hareid.

Kriminalteknikarane har no arbeidd sidan laurdag formiddag i bustaden der Sami Milhem vart funnen ille tilreidd fredag føremiddag. Etterforskningsleiinga håpar at dette arbeidet skal vere avslutta i løpet av dagen.

Den avdøde vert i dag obudsert på Ålesund sjukehus under leiing av professor Inge Morild fra Gades institutt i Bergen.