- Eg trur dette er første gong på eit og eit halvt år at vi tre er i same rom i lag, seier Ronnie Mag Larsen, som utgjer ein tredel av bandet Giske. Dei to andre er Rune Berg og Ronnie Mag Larsen.

Les også: Giske, no også eit band

I slutten av mai gav dei tre tidlegare bandmedlemmene i The Margarets ut sitt første album under namnet Giske. Albumet, som heiter "Carousel Magic Spell", har blitt hylla av kritikarane, noko som gleder Alex, Rune og Ronnie stort.

Til venstre er Rune Berg på gitar, og Alex Rinde på vokal. Til videoinnspelinga i går hadde dei fått med seg ven Johnny Hide frå Numer Seven Deli som korist. Foto: Nicholas Farstad

- Ja, det er hyggelig at kritikarane likar plata, men vel så kjekt er det med alle personlege tilbakemeldingar vi har fått frå folk som meiner at plata er fin, seier Ronnie, og dei to andre nikkar.

Video

Dei tre bur på kvar sin kant av landet, og treffast ikkje ofte andlet til andlet. Denne veka er dei likevel samla nokre dagar og nytter anledninga til å promotere at "Carousel Magic Spell" torsdag kjem ut som LP.

Onsdag speler dei inn video av fem av låtane på albumet i ei løe på Giske.

- Det blir spennande, litt av stormen utanfor blir nok med i videoen, slår Rune fast.

Konsert

Av ulike årsakar legg ikkje bandet opp til å ha mange konsertar. Dette var noko av det Alex fortalte om i ein personleg Helgaprat med Sunnmørsposten i slutten av mai. Les den her:

Hjartebrann

.

Ronnie Mag Larsen på perkusjon i front. Lenger opp står Alex Rinde på vokal. Foto: Nicholas Farstad

Onsdag kveld kan likevel publikum få oppleve den aller første konserten med Giske. Det skjer, sjølvsagt kunne ein nesten sagt, i gymsalen til Giske skule.

- Det er nostalgiske årsakar til at vi har konserten der. Vi har alle sterke minne derifrå, både fine og ikkje fullt så fine, seier Alex.

- Som ein del av opplevinga skal også Ronnie lese ei novelle for dei som kjem. Det er ei krimnovelle der handlinga er lagt til nettopp gymsalen ved Giske skule. Novella var ein del av Cappelen Damms påskekrimbok i 2015.

Minikonsert i sentrum

Laurdag vil bandet også ha ein minikonsert i eller utanfor Jukebox Platebar i Ålesund, der Alex jobbar.

- Er det ver til det blir konserten utanfor på gata, men vi får ta det slik det passar, seier Rune.

Dei kan ikkje ha konsertar ofte, men i dag spelte Giske inn fem av låtane sine på video som ei konserterstatning Det skjedde i ei løe på Giske. Foto: Nicholas Farstad
Ronnie Mag Larsen på perkusjon i front. Lenger opp står Alex Rinde på vokal.