Politiet i Sogn og Fjordane etterforskar ein mogleg valdtekt i forbindelse med Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.

Politiet meldte søndag at dei søndag føremiddag mottok ei melding av ei valdtekt som skal ha funne stad i sentrum av Nordfjordeid natt til søndag. Valdtekta skal ha skjedd i samband med Malakoff-festivalen som vart arrangert på Nordfjordeid denne helga.

– Fornærma er ei ung jente, som no er tatt hand om av politiet, skriv Sogn og Fjordane politidistrikt i ei pressemelding.

Tre gutar pågripne

Mandag melder politiet i Sogn og Fjordane at tre personar under 20 år er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år.

– Alle er sikta for seksuell omgang med barn under seksten år. Den siktinga kan bli utvida etter kvart som etterforskinga skrir fram, seier politijurist Erling Melvær til smp.no.

Siktelsen kan bli utvidet til gruppevaldtekt, melder NTB.

Den fornærma jenta er 14 eller 15 år. Seksuell omgang med barn under 16 år har ei strafferamme på inntil seks år, men den noverende siktinga er foreløpig.

Politiet i Sogn og Fjordane utelukkar ikkje at siktinga kan bli utvida.

– Dersom siktelsen blir utvida til seksuell omgang begått av fleire i fellesskap, vil strafferamma vere inntil 15 år i fengsel, seier politiadvokat Erling Melvær til Dagbladet.

Dei tre som er sikta i den moglege valdtektssaka, blei pågripe søndag kveld. NTB får opplyst at alle dei tre menna er busett i regionen Nordfjord. Ifølge Fjordabladet har den mindreårige jenta tilknytning til Nordfjordeid, men bur ein annan stad i landet.

Avhøyr

I følgje Melvær er ein av gutane allereie avhøyrd.

– Dei to andre vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Ein vil då vurdere varetektsfengsling.

– Alle dei tre sikta er fra Nordfjord og saka blir handsama av Eid lensmannskontor, seier Melvær til smp.no.

Mandag føremiddag ble den eine sikta sleppt laus frå arresten, fordi politiet fant at det ikkje var noko fare for bevisforspillelse for hans vedkommande.

Politiet skriv i ei pressemelding mandag ettermiddag at avhøyr av dei to øvrige vil bli gjennomført i løpet av mandag ettermiddag og kveld.

Vil vurdere varetektsfengsling

Spørsmålet om varetektsfengsling blir vurdert etter at desse avhøyra er gjennomført, melder politiet.

Begge dei to som er pågripe har fått oppnevnt forsvararar.

– På noverande tidspunkt frigis det ingen opplysningar om korleis dei sikta stiller seg til siktinga, eller andre opplysningar som er kome fram gjennom etterforskinga, heiter det i pressemeldinga.