Dette er ordførar Arnulf Goksøyr (H) sin korte kommentar til Sunnmørsposten sitt spørsmål om kvifor formannskapet gøymde seg bort og heldt møte på Thon Hotel Fosnavåg torsdag ettermiddag.

Goksøyr vil derimot ikkje stadfeste at personalsaka handlar om rådmann Erlend Krumsvik, noko Sunnmørsposten har fått vite frå andre kjelder.

Møtet i formannskapet var hasteinnkalla per telefon, utan sakliste eller offentleggjering på førehand, slik kommunelova krev.

Tilfeldig

– Kvifor vart møtet halde på hotellet, og ikkje i det faste møterommet på rådhuset?

– Det var heilt tilfeldig, men der fekk vi vere i fred. Møtet var av ein uformell, intern karakter, hevdar Goksøyr. Han vil ikkje hengje seg opp i formelle detaljar om møtelover.

– Eg har konferert med KS, dei har gitt råd om å gjere det på denne måten, denne gongen. – Vidare fekk eg som ordførar også aksept av eit samla formannskap om å gjere det slik, opplyser Goksøyr.

– Vart det gjort vedtak?

– Eg vil heller seie det slik: Vi fekk avklart kva handlingsrom vi har i denne saka, seier Goksøyr.

Utan protokollførar er det nok lite truleg at eit referat frå dette møtet nokon gong vil sjå dagens lys. Sunnmørsposten tok ei ringerunde til nokre av formannskapsmedlemmene.

– Kva for eit møte? Jau, eg var der, seier Camilla S. Hermannsen (KrF), noko motvillig.

– Men eg seier ingenting, det er ordføraren si oppgåve.

– Eg er fullstendig klar over at alle politiske møte skal kunngjerast og alt det der, men eg valde å stole på at advokaten i KS gav oss korrekte råd i denne saka, seier Kjell Runde frå Folkelista/Sp.

Også Karly Teige (Frp) stadfestar at ho var på møtet.

– Ja, og er heilt samd med ordføraren i denne saka.

– Så også du vil seie opp rådmannen?

– Eg, og resten av formannskapet er som sagt heilt på linje i denne saka, seier Teige.

Rådmann Erlend Krumsvik er på reise, på møte i KS i Oslo med rådmannskollegaer.

– Eg kjenner ikkje til møtet som skal vere halde, og kan dermed heller ikkje kommentere dette, seier han til Sunnmørsposten.

<strong>Rådmann:</strong> Erlend Krumsvik kjenner ikkje til møtet som vart halde, og vil ikkje kommentere.
<strong>Hemmeleg:</strong> Her på Thon Hotel Fosnavåg var formannskapet i Herøy i eit hemmeleg møte torsdag ettermiddag, hasteinnkalla av ordføraren per telefon. Ingen ved sørviskontoret på Herøy rådhus kjende til møtet, heller ikkje den faste sekretæren til formannskapet.